Ledige stillingar hos oss!

Førdefestivalen har to ledige stillingar frå 15. februar 2017. Vi søkjer ein person til 50% stilling som økonomi- og administrasjonsansvarleg, og ein person i 50% stilling som sals- og sponsoransvarleg.

Torill Faleide
KOKK HEIM-premien sikra dobbeltfeiring for Kjersti

Ho hadde alt planlagt feiringa av sin neste runde bursdag i september, men takka vere ein gjev premie på Førdefestivalen sin festivalfrukost laurdag 9. juli i år, kunne jubilanteninvitere sine aller næraste vener til ei ekstra feiring på sjølve dagen.

Torill Faleide
Møt artisten: Faytinga

Det skulle bli eit gripande møte med den stolte artisten frå Eritrea. For publikum vart det mildt sagt tydeleg at flyktningane sin situasjon er mykje enklare å snakke om enn å leve i.

Torill Faleide
Slik vart første dag!

I går tjuvsatrta vi festivalveka, og det kjendest godt ! Med lekkert sommarvær på overskya ti grader, fekk vi på plass fire konsertar, ei kunstutstilling og ein kinofilm. Folk og fe stilte mannsterkt opp som publikum. 

Torill Faleide
Draumar veks på tre

Framfor Torgscena kan du no finne to ekte draumetre. I samarbeid med Lions International har Førdefestivalen invitert barn frå Førde og Kampala i Uganda til å skrive ned nokre av sine tankar og håp for framtida, og henge dei opp i glade fargar under festivalveka. I dag, tirsdag, var ungar frå Nærleiken og Vieåsen barnehage i sentrum for å pynte to struttande grøne draumetre.

Torill Faleide
Festivalpasset - ein guide!

Festivalpassordninga på Førdefestivalen er litt spesiell, og her er ein detaljert forklaring på kva festivalpasset omfattar - enten du er vaksen, student, ungdom eller barn. 

Torill Faleide
Trykksaker 2016 - ein oversikt

Her er ein oversikt over festivalbrosjyrar eller program. Brosjyrane kan lastast ned som pdfar, men katalogen (den grøne) finst i bladbar versjon her på nettet, og i trykt versjon på billettkontoret når du kjem til Førde.   

Torill Faleide
Värttinä

Simon Broughton grip tak i den finske gruppa Värttinä og talar med dei om karelisk påverknad i deira nyaste utgjeving Viena.

Gasta Design
Bornas Verdsdagar i Førde for sjette gong

Laurdag 14. november bles Førdefestivalen i gang Bornas Verdsdagar Førde for sjette gong. Dette er laurdagen då Førdehuset vert fyllt av morosame verkstadar der born i alla aldrar får boltre seg i fargerikt dekorerte verkstadar, og lære mellom anna flamenco, capoeira og felespel av profesjonelle instruktørar. 

Torill Faleide
Tips til julegåver!

Er du på jakt etter julegåver? Kanskje du skal gjere som mange andre, og legge gåvekort på festivalopplevingar under juletreet?

Torill Faleide
Hekla Stålstrenga tilbake til Førde!

Det var stor stemning då Hekla Stålstrenga spelte på festivalnatta under festivalen i 2014, der desse bilda er henta frå, og torsdag 29. oktober vert det eit varmt gjensyn med bandet som har stor suksess først og fremst med sin versjon av Ole Bremnes si vise Har du fyr, men også andre songar har vorte allemannseige, som Båtbygger Jo og Folketonen. 

Torill Faleide
Vi er dei tusenar som spelar

Europa står framfor ei flyktningekatastrofe det er vanskeleg å fatte rekkevidda av. Korleis møter vi dei tusenar som seglar mot håpet om å overleve?

Torill Faleide
Førdefestivalen på spansk radio

Den spanske nettradioen Mundofonias er grunnlagt av radioekteparet Juan Antonio Vazquez og Araceli Tzigane, og har i dag 62.5 millionar lyttarar over heile verda. Dei to var tilbake på Førdefestivalen for andre gong i sommar, og har no i september samla intervju og omtalar i eit par program.

Torill Faleide
-Dette er verre enn vi frykta!

Rykta om at knutepunktordninga stod for fall i det komande statsbudsjettet, viste seg å halde stikk. Med unntak av Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Norge, har regjeringa valt å stryke den direkte støtta til 13 av i alt 16 knutepunktfestivalar som i dag har knutepunktstatus.

Torill Faleide
Årets festivalfilm er her!

Då kan du få gjenoppleve nokre av dei magiske augneblinkane på årets festival! Filmen er laga av FeberFilm, som også hadde jobben sist vi laga festivalfilm.

Torill Faleide
Vi sender gratulasjonar!

Medan festivalstaben i Førde har feriert, har andre arrangørar og utøvarar hatt meir enn nok å henge fingrane i, og eit par sentrale folkemusikkarrangement det er verdt å nemne: Landskappleiken som i år vart arrangert på Fagernes 19.-26. juli i samband med Jørn Hilme-stemnet, og Landsfestivalen i gammaldans som gjekk på Lom 5.-9. august.

Torill Faleide
Festivalstaben er tilbake

No er heile festivalstaben tilbake på plass etter ein lang og god sommarferie.  Den første tida tillet vi oss sjølv å suge litt på karamellen etter ein fantastisk festival.

Torill Faleide
Takk for ein fantastisk festival!

Tusen takk til alle publikummarar, frivillige, samarbeidspartar, artistar, vêrgudar og heile fylket. Takka vere strålande innsats og god støtte frå alle dykk, vart festivalen i år eit eventyr frå start til slutt! 

Lene Grande
Førdefestivalen i media

Festivalen har vorte dekka av både lokale, regionale og nasjonale medier.  Vi har samla ein del av det i ei pdf-fil, og vi legg også ut lenkjer til artiklar og omtalar på nettaviser.

Torill Faleide
Saman under sola i Førde

-Korleis er det når læremeistrane dine døyr? Slik spurde Benedicte Maurseth sin eigen læremeister på hardingfele gjennom 25 år, Knut Hamre i Haarklousalen laurdag ettermiddag.

Torill Faleide
Sjå årets opningskonsert på NRK nett-tv

I beste sendetid viste NRK årets opningskonsert frå Førdefestivalen. Sigrid Moldestad leia konserten, der omlag 2.000 publikummarar kunne oppleve artistar og grupper som FRIKAR, Fiddlers Bid, Unni Løvlid og duoen Catrin Finch & Seckou Keita.

Torill Faleide
Direktøren sitt dop: Dansen!

Dans var reine dopet for meg i mange år, eg berre måtte ha det!  Og det er jo ikkje så farleg, for dans er jo verkeleg sunt «dop» – både for kropp og sjel. Og dansegolvet er dessutan ein usannsynleg god sjekkearena!

Torill Faleide
Førdefestival i beste sendetid

-Opningskonserten har ei fantastisk artistliste, profesjonell produksjon og den perfekte vertinna. I NRK har det berre vore begeistring i prosessen fram mot beslutninga om å sende konserten ut til sjåarane i vår aller beste sendetid: Laurdag kveld på NRK 1.

Torill Faleide
Mange gratisarrangement på festivalen

Festivalprogrammet i år inneheld sjølvsagt mange arrangement som er gratis for publikum. Nytt av året er at også Morgonstund har gull i munn-konsertane onsdag, torsdag og fredag, er gratis for alle.

Torill Faleide
Keltisk sommarfest i parken!

Musikken frå dei grøne øyane vest i havet kling godt i norske øyre. Irsk folkemusikk er kanskje den mest populære her til lands, utanom vår eigen. Fredag kveld inviterer festivalen til ein festkveld av dei sjeldne på Festplassen. Og blunkar til folk i Florø med eit frieri: Buss til og frå!

Førdefestivalen i italiensk reiselivsmagasin

Under tittelen "Heile verda spelar i Førde", presenterer det italienske reiselivsmagasinet Bell'EUROPA Førdefestivalen med tekst og foto over 9 sider i sitt siste nummer. Reportasjen er eit resultat av journalisten Filippo Cerrino og fotografen Gabriele Croppi sitt besøk i Førde på jubileumsfestivalen i 2014.

Torill Faleide
FESTIVALKURSA ER OPNE FOR PÅMELDING

Årets festivalkurskalendar omfattar alt frå Gokarma-yoga-kurs med Hallgrim Hansegård til DJ-kurs for ungdom, familiekurs i korea-perkusjon, og kurs over to dagar for deg som vil lære semba eller gresk dans.

Torill Faleide
HEILE festivalprogrammet klart!

Det er musikk frå heile verda som står på programmet når Førdefestivalen,  eit av dei største fleirkulturelle arrangementa iNorge, 1.-5. juliinviterer til si 26. utgåve.

Torill Faleide
Knutepunktevalueringa: Førdefestivalen innfrir med glans!

Kulturdepartementet si evaluering av Førdefestivalen som knutepunktfestival er avslutta, og konklusjonen etterlet ikkje nokon tvil: Førdefestivalen fyller sine formål på en meget god måte og fremstår som kunstnerisk ledende på sitt felt i nasjonal sammenheng, samtidig som den kan hevde seg godt internasjonalt. Sagt på ein annan måte: Førdefestivalen innfrir knutepunktoppdraget med glans!

Torill Faleide
Linda Gytri Trio til Florø og Sogndal i mars

Linda Gytri Trio sleppte plata Audire i slutten av februar, og både presse og publikum har teke imot med opne armar. Linda Gytri frå Oldedalen viser seg som eit oppkome av vakre og stemningsfulle melodiar, og med pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordic Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl ( Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band) på laget, har ho skapt ein godtepose for musikkelskarar.

Torill Faleide
Hilde Bjørkum - ny leiar for Norske Festivaler

På årskonferansen for Norske Festivaler som gjekk av stabelen i Molde 12.-13. februar, vart direktøren for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, vald til ny leiar. Hilde Bjørkum har vore nestleiar i styret i siste periode, men tek no over leiarvervet etter Svein Eriksen.

Torill Faleide
Samarbeid med Førde kulturskule

Førdefestivalen har opp gjennom åra hatt eit nært og godt samarbeid med Førde kulturskule om instrument og utstyr. Kvart år har festivalen ein jobb med å skaffe ein del instrument til musikarane som skal spele.

Torill Faleide
"World ConneXions" er tema for 2015

Temaet på den 26. Førdefestivalen er «World ConneXions». – I år vil festivalen gjennom fleire prosjekt setje fokus på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar, fortel direktør Hilde Bjørkum.

Torill Faleide
Europeiske stemmer i "Vocal ConneXions"

I ein av dei store konsertproduksjonane er det den anerkjende folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal som får samle eit knippe framståande europeiske vokalistar for å utforske stemmebruk, ornamentikk, melodioppbygging og anna i europeisk folkesong.

Torill Faleide