Velkomen til årets kulturkonferanse i Førde:

 Førdekonferansen 2024: RØTER OG FØTER

Tid: Torsdag 4. juli kl. 10-16

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


 

Røtene våre er med på å definere kven vi er. Så legg vi ut på våre korte og lange reiser i verda, og enkelte vender aldri tilbake. Røter kan avgrense og binde oss fast, men gjer oss også trygge og stødige i møte med det ukjende. Førdekonferansen 2024 samlar innleiarar som tek opp ulike sider ved kulturarv. Nokon vil ta vare på den, uendra. For andre er kulturarven i konstant endring. Du møter også dei som nyttar røter som inspirasjon og i motstandskamp. På konferansen inviterer vi til refleksjonar rundt kva røter kan vere og kva dei kan brukast til og korleis dei er viktige for innleiarane på ulikt vis.

 

 

PROGRAM

Programleiar: ASTRID VERSTO

Astrid Versto frå Vinje er tidlegare journalist i NRK. Ho har også vore informasjonssjef ved Slottet, kommunikasjonssjef for utviklingssaker i UD og ambassadør i Kroatia.

Kl. 10.00  Velkomen


Kl. 10.10 Røter som gir tankane føter – om Mimebrunnen som kjelde til visdom og innsikt

Paul Otto Brunstad

Paul Otto Brunstad arbeider til dagleg som professor ved Høgskulen på Vestlandet. Han har tidlegare vore tilsett ved NLA Høgskolen i Bergen, ved Luftkrigsskolen i Trondheim og Sjøkrigsskolen i Bergen. Brunstad har mellom anna gitt ut bøkene Seierens melankoli (2003), Klokt lederskap mellom dyder og dødssynder (2009) og Beslutningsvegring – et ledelsesproblem (2017).


Kl. 10.45 Setesdalsfolk på UNESCO si immaterielle kulturarvliste

Astrid Rysstad

Astri Rysstad har vore kultursjef i Bykle og Suldal kommunar, og vore leiar ved Lista museum. Ho arbeidde i sju år med nominasjonen av Setesdalsfolk til UNESCOs liste for immaterielt kulturvern, noko som blei ein realitet i 2019. Rysstad fortel om prosjektet i samtale med programleiar Astrid Versto.


Kl. 11.10 Dei viktige arkiva

Cédric Dind-Lavoie (foto), Sigbjørn Nedland, Runa Kvalsund og Unni Løvlid m. fl.

Med synlege og tilgjengelege arkiv kan ein medverke til at endå fleire historier vert fortalde og at kulturarvperspektivet vårt vert meir rikhaldig.

I Cédric Dind-Lavoie sitt siste prosjekt, Archives, står arkivopptak i sentrum.

Sigbjørn Nedland (Jungeltelegrafen) har redda ‘lyden av Afrika’ gjennom arkivprosjekt i Aust-Afrika.

Unni Løvlid er leiar for folkemusikkstudiet på Norges Musikkhøgskole, der folkemusikkarkiva våre er ein viktig del av pensum.

Runa Kvalsund er student ved Norges Musikkhøgskole.

 
 

Kl. 11.35 Når røyndom blir litteratur

Astrid Versto samtalar med forfattarane Brynjulf Jung Tjønn og Irene Kinunda Afriyie

Dette er eit samarbeid med Tekstallianse.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane, men som har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. Sidan romandebuten Eg kom for å elske i 2002 har han gitt ut ei rekke romanar og diktsamlingar. I 2023 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann som trefte både kritikarane og eit breitt publikum. VGs meldar, Trine Saugstad Hatlen, skreiv «…en knyttneve av en bok (…) noe av det sterkeste jeg har lest», og gav boka terningkast 6.

Irene Kinunda Afriyie

Irene Kinunda Afriyie var 16 år då ho i 2006 kom som foreldrelaus flyktning frå Kongo til Askøy utanfor Bergen. Ho er ein engasjert samfunnsdebattant og fast gjestekommentator i Bergens Tidende. Ho debuterte som forfattar i 2023 med boka «Jeg er fordi du er», der ho gir oss eit skråblikk på nordmenn og integrering i Noreg. For Irene Kinunda Afriyie går integrering begge vegar. «Det handler ikke bare om meg. Det handler ikke bare om deg. Det handler om meg og deg», skriv ho.


Kl. 12.10 Kaffipause

Kl. 12.25 Rotlandskap: Strandamålarane, landskapsmålarar frå Vestlandet

Eit samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Kunstnarduoen Alt går bra

Kunstnarduoen Alt Går Bra, som består av Branko Boero og Agnes Nedregård, vil snakke om dei mest populære måleria frå Noreg. I etterkrigstida produserte nokre familiar frå Stranda ein halv million måleri, selde over heile Noreg. I kor stor grad har desse måleria forma den kollektive oppfatninga av det norske landskapet? Boero og Nedregård drøftar landskap som røtene til identitet. Alt Går Bra er eit kollektiv for visuell kunst, basert i Bergen og Paris. Dei siktar mot å fornye vegane i samtidskunsten. Arbeidet deira har blitt vist i Noreg og internasjonalt, og finst i dei faste samlingane til mellom anna Nasjonalmuseet, KODE Bergen Kunstmuseum og KORO Offentleg Kunst Noreg.


Kl. 12.50 LUNSJ

Kl. 13.50 Ukrainske røter som musikalske våpen

Nataliia Rybka-Parkhomenko og Mariia Oneschak

Nataliia Rybka-Parkhomenko og Mariia Oneschak frå Ensemble Kurbasy frå Lviv i Ukraina. I samtale med Astrid Versto


Kl. 14.30 Musikk og migrasjon. Musikken på vandring inn og ut av land og riker, og inn og ut av norske daler og bygder.

Sigbjørn Nedland

Sigbjørn Nedland er musikkjournalist, programleiar i radio og produsent i NRK. Han er kjend for program som Pop Spesial, Pandoras Juke Box og Jungeltelegrafen. Nedland er musikkprodusent for konsertar, liveopptak og studioproduksjonar, og står bak 40 CD-utgjevingar. Han er initiativtakar, organisator og kunstnarisk ansvarleg for fleire større og mindre internasjonale kulturelle og musikalske samarbeidsprosjekt i ei rekke land, dei fleste i Afrika. Nedland har skrive bøker, teaterstykke og songtekstar, og er i år aktuell med boka «Kultur – retur. Musikkens reiser i historien og i geografien».


Kl. 15.00 Frå skog til scene

Egil Haugland

Egil Haugland er førsteamanuensis i musikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er utøvande musikar og gitarbyggar. I løpet av dei siste 20 åra har han bygd gitarar som har vore nytta til CD-innspelingar, NRK- TV dokumentarfilm og ulike konsertframføringar. I 2016 bygde han «ergogitaren», som var eit samarbeidsprosjekt mellom institutt for ergoterapi og institutt for kunstfag ved Høgskulen Vestland Kronstad. Haugland har studert gitarbygging med den spanske meisteren Jose Romanillos. Bruk og gjenbruk av tremateriale som er henta i nærmiljø har vore eit mål i Haugland si tilnærming til gitarbygginga.

Kl. 15.20 Kaffipause

Kl. 15.30  Naturen er vår heim

Margreth Olin

Gjennom eit år følgde Margreth Olin i faren sine fotspor i høgfjellet som kransar Oldedalen. Dei vandra frå Sunnfjord til Nordfjord, på og inne i Jostedalsbreen. No tek ho oss med heim, til røter og slekt og lar oss ta del i naturopplevingane som er utgangspunktet for filmen Fedrelandet, ein film som går sin sigersgang på kino og festivalar verda over.

Kl. 16.00 Slutt

Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune, Høgskulen på Vestlandet, Tekstalliansen, Rom for ord og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Konferansen er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.