Opplevingar for livet!

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

 

HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. 
Her er oversikt over Kronprinsessa sine beskyttarskap. 

Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane, men festivalen har òg samarbeid med med andre kulturinstitusjonar, hotell og kyrkjer om arrangement under festivalen. Den vakre Vestlands­naturen dannar ei unik ramme om festivalen.

Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda. Vi ynskjer å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikk-kulturar og -tradisjonar som finst på kloden vår.

Musikalsk kvalitet - nye musikkopplevingar

Festivalen søker å engasjere dei beste utøvarane innan verdas mange musikkulturar og musikk-uttrykk. Festivalen er kjent for eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum, og går ikkje alltid den breie vegen når det gjeld val av musikarar.

Festivalen vil gjerne gje tilhøyraren nye musikkopplevingar. Mange musikktradisjonar og musikarar har blitt presentert for fyrste gong i Norge frå festivalscena i Førde. Men også folkemusikk­tradisjonar som er kjende og kjære for folk flest har sin plass på Førdefestivalen.

Den norske folkemusikken er ein stor og naturleg del av festivalprogrammet, og festivalen legg særskilt vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar.

Det vert òg lagt stor vekt på at musikarane skal ha eit godt opphald i Norge og Førde. God artistservice er eitt av festivalens varemerke.

Førdefestivalen er medlem av:
Norske Festivaler
EFWMF- European Forum of Worldwide Music Festival

Festivalen fokuserer på utvalde tema kvart år:

1990: Aust-Europa
1991: Urbefolkning og min­ori­t­etar
1992: Afrikanske røter
1993: Sigøynarmusikk
1994: Det fjerne Østen
1995: Musikk ved Middelhavet
1996: Sør for Sahara
1997: Latin-Amerika
1998: Europeiske minoritetar
1999: Musikk ved Svartehavet
2000: Den Keltiske Familie
2001: Musikk langs Silkevegen
2002: Frå fado til flamenco
2003: Europeiske stemmer
2004: Saludos del Caribe!
2005: Klangar frå Det kaspiske hav
2006: Brasil! Brasil!!
2007: Émotions françaises
2008: Dialogue
2009: World Voices
2010: FRIDOM og undertrykking
2011: Women's World
2012: Coexistence - Sameksistens
2013: Musikk & Natur
2014: Lokal - global i 25 år
2015: World ConneXions
2016: På flukt ! Flight
2017: Klangen av Norden!

Nøkkeltal

Ca 30 000 programbesøk
Ca 100 arrangement
Ca 300 artistar frå 20-25 land
Ca 16 mill. kr årleg omsetning

6400 musikarar frå heile verda har hatt stått på scena i Førde i løpet av dei 27 åra festivalen har eksistert. 

 

Organisasjon

Festivalen er ei stifting med ideelt føremål. Vertskommune, fylkeskommune, frivillige organisasjonar og næringslivet er stiftingsmedlemer. Festivalen har 5,6 årsverk. 350 frivillige legg ned over 3500 dugnadstimar kvart år for festivalen. Festivalen er medlem av nasjonale, europeiske og verdsomspennande nettverk innan verdsmusikk/ etnisk musikk, m.a. Norske Festivaler, European Forum of Worldwide Music Festivals og Freemuse. 

Administrasjon: Direktør, økonomi -og administrasjonssjef, kommunikasjonssjef, arrangementssjef, sals -og sponsoransvarleg, produsent og kontormedarbeidar / billettansvarleg.

Styre (2017-2018): Tone Winje (styreleiar), Gunn Åmdal Mongstad, Ivar Svensøy, Trude Skarvatun, Arild Herstad, Dagfrid Vallestad Brevik, Arne M. Sølvberg.

 

Kontaktinfo

Artistforslag sender du til artistproposal@fordefestival.no

NB! Programmeringa av festivalen er avslutta for 2017. Vi tek imot forslag til artistar for 2018, frå 1. september 2017.  


Festivalkontoret
Tlf.: +47 46 90 50 10
billettar@fordefestival.no

Nyttige lenkjer

Festivalen vert alltid arrangert i veke 27:

  • 2017: 5.-9. juli
  • 2018: 4.-8. juli
  • 2019: 3.-7. juli
  • 2020: 1.-5. juli