Billett-informasjon 2016


Salsstart 7. april: Kjøp billettar og festivalpass på www.TicketCo.no 

Frå måndag 4. juli kan du også kjøpe billettar på Billettkontoret i Førdehuset.

Billettprisar: Sjå program/brosjyre.
Alle billettprisar er inkludert serviceavgift. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
 

Forklaringar til billettprisar i program/brosjyre:

Døme 1: Opningskonsert(Idrettshallen, torsdag 7. juli) - 330 (ordinær pris vaksen, unummerert) / - (inkludert i festivalpasset; unummerert) / 50 (barnebillett, unummerert)

Døme 2: Festivalnatt (Scandic Sunnfjord Hotel, laurdag 9. juli) - 360 (ordinærpris, vaksen) / 210 (pris med Festivalpass, vaksen) / 50 (pris med Studentpass)
 

Idrettshallen, Førdehuset - nummererte felt på golvplan:

Felt A - i midten frå hovudinngang; Felt B - til høgre frå hovudinngang, og Felt C - til venstre frå hovudinngang. Ein må ha plassbillett for å sitte på desse områda.

Oppgitt ordinærpris i program/brosjyre er for unummererte plassar på tribune og galleri. Pristillegg for plassbillett er kr 40,-

Alle andre konsertsalar har kun unummererte plassar.

Følgjekort

Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar på dei fleste konsertarenaane. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp. Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje Festivalkontoret på tlf 46 90 50 10. Det er kun Festivalkontoret som kan skrive ut fribillettar.

 

Konsertar utanfor Førde

Det vert sett opp busstransport til og frå konsertar utanfor Førde. Bussavgang utanfor Førdehuset; bussbillett er inkludert i konsertbilletten.

Unntak: Bussavgang frå Langebrutorget kl 11.00 til konserten 706 moh 9. juli kl 13.00.

Kontaktinfo


Billettkontoret
Tlf.: +47 46 90 50 10
billettar@fordefestival.no

Nyttige lenkjer



  • 2014: 2.-6. juli
  • 2015: 1.-5. juli
  • 2016: 6.-10. juli
  • 2017: 5.-9. juli
  • 2018: 4.-8. juli
  • 2019: 3.-7. juli
  • 2020: 1.-5. juli