Reis grønt til Førde

Det er fullt mogleg å reise til Førde utan å belaste kloden med klimagassar frå flyreiser. Her er våre beste tips for den effektive, den utforskande og den bedagelege reisande til årets Førdefestival.

På nettsida www.entur.no kan ein ved eit enkelt søk få oversikt over dei fleste reisemåtar og reiseruter.

OBS! På grunn av covid-19 er fleire rutetilbod innstilte eller reduserte per mai 2021. Situasjonen kan endre seg og nye alternativ kan dukke opp innan di reise finn stad. Sjekkhttps://entur.no/ for oppdatert informasjon om dine aktuelle reiseruter.

 

Frå Bergen

Bryggen i Bergen.jpg

Frå Bergen: Buss og hurtigbåt

BUSS - direkterute:
Den enklaste måten å reise frå Bergen til Førde, er å ta buss. Turen tek tre og ein halv time, og i eit normalår går fleire bussar om dagen. På grunn av covid-19 og redusert tal reisande, er rutetilbodet i år noko redusert.

Per mai 2021 går ein buss dagleg direkte frå Bergen til Førde klokka åtte om morgonen. Returrute frå Førde til Bergen går kl 16:50 i helga og kl 17:10 på vekedagar. Busstilbodet frå Bergen vil truleg bli auka med synkande smittetal.

Tur onsdag 7. juli:
8:00 avreise Bergen busstasjon
11:30 ankomst ved Førde rutebilstasjon
Reisetid: 3 t 30 min

Retur søndag 11. juli:
16:50 avreise Førde rutebilstasjon
20:25 ankomst Bergen busstasjon
Reisetid 3 t 35 min

Sjekk detaljerte ruter på www.entur.no.

HURTIGBÅT
Eit alternativ til buss er hurtigbåt, i kombinasjon med korresponderande bussruter. Denne reisemåten  er hakket mindre effektiv, men er komfortabel og passar for den som vil utforske landkapet utanfor E39. Ei reise med hurtigbåt og buss tek frå 3 timar og 50 minutt til 5 timar og 12 minutt, avhengig av reiserute.

Frå Strandkaiterminalen i Bergen kan ein ta hurtigbåt til Florø, Rysjedalsvika eller Askvoll. Desse båtrutene korresponderer med bussruter som går vidare til Førde.

Per mai 2021, er følgande ruter aktuelle for reiser til Førdefestivalen onsdag 7. juli:

Via Askvoll
08:00 avreise Strandkaiterminalen i Bergen
10:47-10:50 overgang til buss Askvoll Kai
12:10 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid: 4 t 10 min

Via Rysjedalsvika
16:30 avreise Strandkaiterminalen i Bergen
18:32-18:35 overgang til buss Rysjedalsvika kai
19:27-19:30 overgang til buss Dale
20:20 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid: 3 t 50 min

Via Florø
16:30 avreise Strandkaiterminalen i Bergen
19:52-20:40 overgang til buss Florø (44 minutt ventetid)
21:42 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid: 5 t 12 min

Sjekk detaljerte ruter og retur-alternativ på www.entur.no.

For booking og prisar på båtreise, gå til www.norled.no

 

Frå Oslo

Frå Oslo: Buss, tog og turistrute

BUSS

Den enklaste og mest effektive måten å reise til Førde frå Oslo, er med buss. Turen tek åtte og ein halv time og ruta går via Gol, Hemsedal, Lærdal og Sogndal, med 40 minutt pause på Gol og ti minutt pause til ein liten beinstrekk i Sogndal. 

Slik rutene er sett opp i mai 21, er det to daglege avgangar ein kan ta for å komme seg til Førde.

09:40 avreise Oslo bussterminal
18:02 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid: 8 t 22 min

15:05 avreise Oslo bussterminal
23:27 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid: 8 t 22 min

Sjekk detaljerte ruter og returalternativ på www.entur.no.

TOG

For den utforskande og den bedagelege reisande, er det eit alternativ å ta tog frå Oslo til Bergen, for så å reise vidare med buss eller hurtigbåt frå Bergen til Førde.

 

Det er fleire daglege avgangar frå Oslo til Bergen

08:07 avreise Oslo S
14:55 ankomst Bergen stasjon
Reisetid 6 t 48 min

12:03 avreise Oslo S
18:54 ankomst Bergen stasjon
Reisetid 6 t 51 min

15:30 avreise Oslo S
22:20 ankomst Bergen stasjon
Reisetid 6 t 50 min

23:25 avreise Oslo S
06:48 ankomst Bergen stasjon
Reisetid 7 t 23 min

Sjekk detaljerte ruter og returalternativ på www.entur.no.

For reiser vidare til Førde, sjå reisetips frå Bergen over.

TURIST-RUTE OSLO-FØRDE: Tog, båt og buss

For den som verkeleg tek reisa som ein del av målet, og som ønsker å oppleve Vestlandet og Sognefjorden i sin fulle prakt på veg til Førde, kan følgande reiserute vere midt i blinken:

 

Del 1: Oslo - Flåm med tog

08:07 avreise frå Oslo S
12:57-13:27 overgang til tog på Myrdal stasjon
14:25 ankomst Flåm stasjon

Del 2: Flåm - Førde med båt og buss

15:30 avreise Flåm kai - BÅT
18:32-1835 overgang til buss Rysjedalsvika kai
19:27-19:30 overgang til buss Dale
20:20 ankomst Førde rutebilstasjon

Sjekk detaljerte ruter og returalternativ på www.entur.no.

 

Frå Trondheim

FRÅ TRONDHEIM

På grunn av Covid-19, er ekspressbussruter mellom Trondheim og Førde innstilte. Så lenge dette er tilfelle, er det i hovudsak to måtar å reise kollektivt utan å fly frå Trondheim til Førde:

Tog til Oslo og valfri reisemåte frå Oslo til Førde

Hurtigruten til Florø og buss frå Florø til Førde.

TOG

Det er fleire daglege direkte togavgangar frå Trondheim til Bergen.

08:18 avreise Trondheim S
15:03 ankomst Oslo S
Reisetid 6 t 45 min

13:19 avreise Trondheim S
20:04 ankomst Oslo S
Reisetid 6 t 45 min

15:24 avreise Trondheim S
22:04 ankomst Oslo S
Reisetid 6 t 40 min

23:17 avreise Trondheim S
06:30 ankomst Oslo S
Reisetid 7 t 33 min

HURTIGRUTA

Det er per mai ikkje sett opp daglege avgangar av Hurtigruta sørover frå Trondheim. Ei aktuell reiserute er:

Tysdag 6. juli kl 09:30 avreise Trondheim
Onsdag 7. juli kl 08:5 ankomst Florø

Sjekk detaljert rute på https://www.hurtigruten.no/destinasjoner/norge/.

Frå Florø går det fleire bussar til Førde, med reisetid i overkant av ein time. Nokre aktuelle ruter er:

09:25 avreise Florø rutebilstasjon
10:27 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid 1 t 2 min

11:05 avreise Florø rutebilstasjon
12:10 ankomst Førde rutebilstasjon
Reisetid 1 t 5 min

Sjekk detaljerte ruter og returalternativ på www.entur.no.

 

Frå Stavanger

FRÅ STAVANGER

Den enklaste måten å reise frå Stavanger til Førde, er å reise med Fjordline til Bergen, og deretter velje ei av dei moglege reiserutene frå Bergen til Førde.

Det er i mai sett opp følgande rute med dagleg avgang frå Stavanger:

07:00 avreise Stavanger
12:30 ankomst Bergen
Reisetid 5 t 30 min

Sjekk detaljerte og ruter på https://www.fjordline.com/nb