Ei annleis festivalveke

Selma Bolstad og Ibou Cissokho spelar PIKNIK-konsert under telttaket på Festplassen laurdag 4. juli. Berre 100 billettar - kjøp på TicketCo.no. Foto: Marcus Tveit Karkash

 

Det året verda ikkje kjem til Førde

Førdefestivalen har avlyst årets festival, og heile det planlagde programmet er utsett til neste år. Festivalen legg likevel opp til å skape litt festivalstemning dei dagane festivalen skulle gått av stabelen, 1.-5. juli. -I nesten eit år har vi hatt festivalen i veke 27 som det store målet. No skulle vi eigentleg ha ønskt artistar frå heile verda, frivillige frå nær og fjern, publikum i alle aldrar og gjester frå kultur- og næringsliv velkomen til fem dagar med hektisk festivalaktivitet, seier direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås. I staden blir det fire dagar med popp opp-konsertar, ein piknik-konsert i parken og konsertar på eldresentera i kommunen.

Piknik-konsert med norsk-senegalesisk duo

På Festplassen kjem det flotte telttaket på plass igjen denne veka og plassen under taket blir arena for den einaste billetterte konserten festivalen arrangerer i juli: piknik-konsert med norske Selma Bolstad og Ibou Cissokho frå Senegal. -I denne duoen møter hardingfela koraen, den vest-afrikanske harpa. Det er tradisjonar frå Valdres og Senegal smeltar saman til nye uttrykk når stemmene til Bolstad og Cissokho møter strengene frå instrumenta deira, seier Almås. Konserten er korona-tilpassa, og har berre plass til 100 personar, som til gjengjeld får sitje ved småbord - og er velkomne til å ta med mat og drikke. -Piknik-konsert har vi visst ikkje hatt før på festivalen, legg Almås til, men om det blir ein suksess, kan det jo skje igjen.

 

Ibou Cissokho og Solo Diarra poppar opp med konsertar frå Førde sin eigen kulturhengar torsdag 2. og fredag 3. juli - rundt om kring i Førde. Følg med!

 

Popp opp-konsertar med vest-afrikanske rytmar

Torsdag og fredag nyttar festivalen Førde sin eigen kulturhengar, og tek med seg duoen Ibou & Solo; Ibou Cissokho og Solo Diarra, på ein mini-turné. Dei to musikarane kjem frå høvesvis Senegal og Burkina Faso, men er busette i Oslo. -Det blir tre konsertar torsdag og tre fredag. Hengaren med vest-afrikanske rytmar kjem til å stoppe ved eit sjukehus, eit kjøpesenter, eit museum, ein barnehage, eit burettslag og på eit torg. Tidspunkta vert ikkje opplyste, men viss du ser festivalbanner, vimplar eller anna festivalmateriell når du er ute og går, er det eit teikn på at det skal skje noko der, forklarer direktøren. -Hengarkonsertane er gratiskonsertar, og i tillegg til desse og konserten i parken vil fire av omsorgssentera i kommunen onsdag kveld få konsertar med Indre Sunnfjord Spelemannslag.

 

Indre Sunnfjord Spelemannslag spelar konsertar på fire av omsorgssentera i Sunnfjord kommune onsdag 1. juli.

 

Utvidar med festivalhelg i oktober

Førdefestivalen har også eit heilårleg konsert-tilbod, og etter avlysinga av festivalen, har staben brukt tida på legge programmere ei festivalhelg 23.-25. oktober. -Vi ønskjer å tilby levande musikk til publikum, og no nyttar vi dette spesielle året til å lage eit to-dagars opplegg med 2-3 artistar kvar dag. Programmet for helga vil bli lansert seint på sommaren, seier Almås. Konsertane vil skje på Larris Scene, i tillegg til ein konsert i Førde kyrkje.

 
Forrige
Forrige

Velkomen til dagsturhyttekonsertar!

Neste
Neste

Førdefestivalen 2020 er AVLYST