PROGRAMSLEPP UTSETT TIL 15. APRIL

 

Førdefestivalen utset årets programslepp til etter påske, nærare bestemt til torsdag 15. april. Programsleppet er planlagt som eit ope arrangement på Larris Scene. Vi inviterer festivalvener, sponsorar og alle som vil til ein enkel lunsj og gjennomgang av alt som som skal skje på sommarens festival. Vi er førebudde på at koronarestriksjonar kan kome i vegen for ei slik samling, men vil uansett komme ut med heile programmet denne torsdagen. Her er lenkje til arrangementet på facebook.

Sjølv om hovudprogramsleppet er flytta til etter påske, presenterer vi eit par artistar alt komande veke. Så følg med.

 
Forrige
Forrige

KARTELLET-PREMIERE PÅ DANSE STAUR, DANSE STAUR  

Neste
Neste

Kjær folkemusikktrio på første VestaFolk-turné