Heile programmet er klart!

Ei levande legende kjem til Førde! Gitarlegenda Boubacar Traoré frå Mali er ein av dei internasjonale toppartistane som kjem til Førde!

 

Temaet for Førdefestivalen 2024 er RØTER og når den 34. festivalen går av stabelen 3.-7. juli i sommar, er det duka for ei unik og mangfaldig musikalsk reise til kulturar og musikktradisjonar frå alle kantar av verda. Røter og tradisjonar har til alle tider vore med å definere kven vi er og kven vi var. Dei strekkjer seg ut og vev seg saman med andre til ei bru mellom i går og i dag. - På årets festival presenterer vi musikarar som held musikktradisjonar i hevd, gjev dei nytt liv og gjer dei aktuelle for nye generasjonar og nytt publikum, seier festivaldirektør Sølvi Lien. Førdefestivalen vert opna av kulturminister Lubna Jaffery.  

Gå til artistoversikt

Førdefestivalen er ein unik festival i den store norske festivalfloraen, og også internasjonalt vert festivalprogrammet lagt merke til, seier Lien. Ho er stolt over å presentere eit program med artistar frå 28 land, eit sterkt norsk og nordisk felt og heile tre urpremierar.

Førdefestivalen har musikken i fokus og målet er å gje artistar og publikum dei beste musikkopplevingane. Røter er den raude tråden i opningskonserten, som er den største konsertproduksjonen på festivalen. Sju band med røter frå heile verda vil stå på scena. Konferansier i år er Liv Gulbrandsen, og regien for konserten er det Jeff Pedersen som har.

Puuluup frå Estland har vorte ein fenomen på den internasjonale verdsmusikkscena dei siste åra. I år spelar dei Førde!"

Folkemusikk trendar

-Eit av dei store lyspunkta for oss som har eit hjarte for folkemusikken, er det som skjer på Tuvas Blodklubb i Oslo, der eit ungt publikum går mann av huse for å danse springar, gangar og anna til solo hardingfele, munnharpe og kveding, fortel Sølvi Lien. Ho håpar at årets klubb på Larris med den estiske duoen Puuluup og norske Naaljos Ljom kan skape litt av dei same vibbane i Førde i sommar. Puuluup får alle til å danse til si makelause blanding av gammalt og nytt, og norske Naaljos Ljom, det same, med folkemusikk kombinert med elektronisk musikk. I forkant av konserten tilbyr festivalen ein uformell lågterskel danseskule med studentar frå Norges Musikkhøgskule.

Levande legende og internasjonale toppnamn

Boubacar Traoré, gitarlegenda frå Mali, ber med seg alt det vakre i afrikansk blues. Han var superstjerne i Afrika på 60-talet, men ute av musikken i mange år før han tilfeldig vart gjenoppdaga og fekk platekontrakt og stor internasjonal karriere. I dag blir han hylla av dei unge i Mali, han blir oppdaga på nytt. -Det er stort å få Boubacar Traoré til Førde, og heilt naturleg når temaet er røter, seier festivaldirektøren.

Lina_ den store stjerna i portugisisk fado for tida!

Lina_ er fadosongaren som dei siste månadane har toppa internasjonale platelister med sitt nye album Fado Camões. Ho presenterer fado i ein moderne og smakfull versjon. Til topps på platelistene har også Aziza Brahim gått med si nyaste plate Mawja. Brahim byggjer bruer mellom røtene sine i Vest-Sahara, via ungdomstid på Cuba, og vaksenliv i Barcelona, der ho no bur i eksil.

Iranske Marjan Vahdat tek med seg ein av våre fremste jazzpianistar, Tord Gustavsen, og eit stjernelag av musikarar, og kjem til festivalen med prosjektet Our Garden is Alone. Vahdat formidlar smerta ved å måtte forlate heimlandet og røtene sine, og leve i eksil.

Julie Fowlis og Ímar - to store skotske namn som spelar på Keltisk festkveld!

Julie Fowlis er ein av dei mest respekterte skotske musikarane og tradisjonsberarane i Skottland, og verdskjend frå tittelsporet på Disney Pixar-filmen Brave. Ho har stått på scena i Førde ein gong før. Denne gongen får ho følgje av Ímar, eit av dei mest ettertrakta banda i Skottland for tida, med store internasjonale turnéar bak seg når dei landar i Førde, klare for Keltisk festkveld.

Tre urpremierar

Musikar, komponist og dansar Tuva Færden står for festivalen sitt tingingsverk, som har tittelen GREINER. Med seg har ho musikarar med sterke røter i ulike tradisjonar, som også har evna til å strekke ut greinene sine og røre oss med måten dei er til stades i musikken på.

Erlend Apneseth og Karin Nakagawa kjem med spesialskriven musikk for japansk koto og norsk hardingfele.

Erlend Apneseth frå Jølster får urpremiere på verket The Way of the Wind. Dette er nyskriven musikk for den norske hardingfela og den japanske kotoen, og vert framført av jølstermusikaren i samspel med den verdskjende japanske kotospelaren Karin Nakagawa.

Når Perkverket vert urframført i Førde, får trommeslagaren Birger Mistereggen oppfylt sin store draum  om å samle trommeslagarar frå slagverkstradisjonar i fleire verdsdelar. Han har fått med seg Jon Balke som komponist og dei andre utøvarane er Helge Norbakken, Kaveh Mahmudiyan, Sanskriti Shrestha, Michaela Antalová, Nora Sjøgren, Solo Diarra og Jakop Janssønn.

Kobo Town byr på calypsorytmar på laurdagskvelden!

Nordisk og calypso på laurdagskvelden

Med konserten Nordiske røter inviterer festivalen til ei feiring av nordisk folkemusikk anno 2024! Her vil i alt 20 musikarar vere i aksjon på scena: Vinnar av Nordisk Råds Musikkpris 2023, Maija Kauhanen, spelar saman med Johannes Geworkian Hellman. Lena Jonsson, folkemusikaren med utstrålinga til ei rockestjerne, er på plass med sin glitrande trio og Spöket i köket serverer sin heimebrende folkemusikk i storbandformat. - Våre eigne grensesprengande Madam Jam er sjølvskrivne på ein slik festkveld, i følgje festivaldirektøren. Laurdagskvelden vert avslutta med Festivalnatt, der det i år vert servert latin-alternativ musikk av fargerike LADAMA, og calypso med Kobo Town frå Canada og Trinidad.

Lena Jonsson Trio er tre av i alt 20 musikarar som skal i aksjon på konserten Nordiske røter i idrettshallen laurdag kveld.

Nye arenaer

-Vi gler oss over å kunne ha arrangement i teatersalen i det nye Nynorskhuset, og Røyst vert arena for Kaffipraten, samtaleserien der publikum møter utvalde festivalartistar i samtale med Jo Frost, tidlegare redaktør i det internasjonale musikkmagasinet, Songlines, seier Lien.

I tillegg har vi konsert i eit ærverdig forsamlingshus i byen, Førde bedehus, rett ved Førdehuset. Her blir det eit nært møte med ein trio av våre finaste folkemusikarar, Berit Opheim, Sigbjørn Apeland og Nils Økland. Vi har også konsert i Sognefjord Akvarium i Balestrand for første gong.

Sykkeli, lykkeli er tittelen på ein spinnvill utandørskonsert for heile familien. Den går onsdag ettermiddag i parken på Festplassen.

På programmet står også tur med Indre Sunnfjord Turlag og Margreth Olin gjennom Oldeskaret. Her er det innlagd konsert på spelemannsmyra med Britt Pernille Frøholm. Festivalen byr også på kunstutstilling, kurs, filmar, Førdekonferansen, eit stort familieprogram, yoga til levande musikk, festivalfrukost, kunst-performance, musikk i sentrum og mykje meir. -No oppmodar eg folk om å gå på oppdagingsferd i programmet og skaffe seg billettar, avsluttar Sølvi Lien, og om nokon har spørsmål eller treng gode råd, er det berre å kontakte oss på festivalkontoret.


Kontaktpersonar for presse:

Torill Gundersen, kommunikasjonssjef, mobil 90 73 85 27

Sølvi Lien, direktør, mobil 41692378

 
Neste
Neste

RØTER blir tema for Førdefestivalen 2024