Førdefestivalen sin årskavalkade

Duoen Ibou Cissokho og Selma French Bolstad, med gjest Solo Diarra, skapte varm festivalstemning på Festplassen - laurdagen i det som skulle vore festivalveka 2020. Foto: Birger Hagevold Johansen.

 

Siste dag i 2020. Endeleg, hadde vi nær sagt, men sjølv om vi no snart skriv 2021, har vi framleis utfordrande månader framfor oss. I dag vil vi likevel slå eit slag for det som var bra i 2020, og hente fram dei fine musikkopplevingane vi klarte å skape saman. Hylle musikarar og alle andre i bransjen som har stått i det, og framleis står i det. TAKK.

 

Solo og Ibou dukka opp ved Vie barnehage og spreidde varme i ganske surt og vått julivêr! Foto: Birger Hagevold Johansen.

 

Takk til Ibou Cissoko og Solo Diarra som kom til Førde og spelte poppopp-konsertar torsdagen og fredagen i festivalvalveka. Trass i pøsande regn, klarte dei å formidle varme med sine vakre vest-afrikanske rytmar. Takk til Anders Bruland for lyd og transport.

 

Morgonrode direkte frå Fjordamattunet. Foto: Birger Hagevold Johansen

 

TAKK til Morgonrode, som leverte ein nydeleg konsert i Fjordamattunet for eit invitert publikum. Og til Bright som laga ein nydeleg produksjon for internasjonale delegatar og for TV (konserten er framleis tilgjengeleg på nrk.no/festivalsommer).

 

Selma og Ibou - pur glede i sola. Foto: Birger Hagevold Johansen

 

Laurdagen var det Ibou og Selma sin tur - dei skapte ei lita høgtidsstund under telttaket på Festplassen. TAKK! Og ulikt dei andre dagane i denne heilt annleis festivalveka, hadde vi faktisk ikkje trengt taket, sidan sola frå skyfri himmel.

Førdefestivalen sin tidlegare direktør får overrekt Kongens fortenstmedalje av Sunnfjord kommune sin ordførar, Olve Grotle. Foto: Birger Hagevold Johansen

 

Laurdag kveld var Førdefestivalen vertskap når festivalen sin tidlegare direktør, Hilde Bjørkum, fekk utdelt Kongens fortenstmedalje av ordførar Olve Grotle. Seansen vart sikkert og humoristisk leia av Gabriel Fliflet.

 
 

I september drog vi i gang eit nytt samarbeid vi hadde hatt i tankane ei stund: Ein miniturné på nokre av dei flotte dagsturhyttene som alle kommunane i gamle Sogn og Fjordane no er velsigna med. Saman med dei lokale turlaga i Sogndal, Gloppen og Førde, inviterte vi til dagsturhyttekonsert med Stein Villa på hyttene: Gytta, Draumekvila og Stedjestova. To dagar før turneen skulle starte måtte Stein Villa melde seg sjuk, men på superreservane Jens Brekke og Terje Isungset redda konsertane for oss. HURRA for dei.

 
 

I oktober slo vi på stortromma og inviterte for første gong til OktoberFolk på Larris Scene. Med midlar frå Sparebanken Vest sitt koronafond fekk vi rigga to dagar og seks konsertar frå tre arenaer. TAKK til Moenje og Polkabjørn & Kleine Heine for strålande fredagskveld, til Gammalgrass og 9 grader nord for ditto laurdagskveld. TAKK til Sharqant for fin kyrkjekonsert, og Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug som saman med Sunnfjord juniorspelemannslag fylte Kafé Sobra på Sogn og Fjordane kunstmuseum til siste plass.

I november skulle vi hatt Bornas Verdsdag Førde, men akkurat då lyste koronoavarsellampene så sterkt at vi var nøydde til å utsetje. Denne fine familiedagen skal vi ta att litt ut på nyåret.

 

Majorstuen - i samspel med Sunnfjord juniorspelemannslag - avslutta musikkåret for oss.

 

Så kom julemånaden, og vi fekk avslutte eit heilt spesielt år med favorittane våre, Majorstuen og ein av deira siste Juledrøm-konsertar. Før sjølve konserten spelte heile ensemblet med det nyetablerte Sunnfjord juniorspelemannslag - og etter 20 år seier dette fantastiske folkemusikkensemblet takk for seg. Takk til lydmann Stig i On Qeue - det vart ein nydeleg konsert å ta med seg vidare inn i jula.

STOR TAKK også til publikum som har kome på konsertane og arrangementa vi har gjennomført dette heilt spesielle året.

No har sola snudd, vi går mot lysare tider; lysare på alle måtar håpar vi. Takk for i år - vi gler oss til å møtast i det nye!

Takk for alt det fine vi trass alt fekk med oss i 2020 - og velkomne til nye musikalske opplevingar i 2021!

 
Forrige
Forrige

Førdefestivalen avlyser Bornas Verdsdag Førde

Neste
Neste

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: direktør Per Idar Almås