Førdefestivalen avlyser Bornas Verdsdag Førde

Oppleving gjennom deltaking er mottoet for Bornas Verdsdag, som her på trekkspelverkstad med Ole Nilssen, der borna får prøve ekte trekkspel i ulike fasongar. Foto: Arve Ullebø

 

Bornas Verdsdag Førde er eit årleg arrangement i regi av Førdefestivalen og Sunnfjord Kommune. Den opne familiedagen med verkstadar og aktivitetar vert arrangert ein laurdag i november, og skulle gått av stabelen 14. november i 2020. På grunn av regjeringa si strenge oppmoding til heile det norske folk om å halde seg mest mogleg heime i november, tenkte festivalen at det einaste rette var å utsetje Bornas Verdsdag til etter jul, nærare bestemt til februar.

Med den nye oppblomstringa vi har hatt av Covid-smitte i januar, og stadig strengare tiltak frå regjeringa, innser festivalen at det vil vere uråd å gjennomføre Bornas Verdsdag Førde etter planen. -Vi kan ikkje invitere til eit ope familiearrangement i Førdehuset slik smittesituasjonen er no, så vi avlyser 2020-versjonen av Bornas Verdsdag. Det er verkeleg trist å måtte avlyse, men vi kryssar fingrar og håpar at vi kan arrangere ein bortimot normalt familiefest ein laurdag i november, seier direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås.

 
Forrige
Forrige

HEIME blir tema for Førdefestivalen 2021

Neste
Neste

Førdefestivalen sin årskavalkade