Endeleg kan vi arrangere fullskala festival igjen!

Vi sparkar i gang festivalen med Dizzy Mandjeku & Odemba Ok All Stars - og deira forrykande kongolesiske rumba onsdag 6. juli på Larris Scene!

 

På Førdefestivalen i år går vi både bakover og framover. Og heilt til sist har vi ei kjempenyheit spesielt for dei yngste. Det er tre år sidan sist vi arrangerte ein «vanleg» festival. Det var i 2019, og det er på sin plass å nemne at vi gjekk ut med ein smell.

 

2019 var året då vi som éin av fem festivalar i Europa blei heidra med utmerkinga EFFE AWARD (Europe for festivals, Festivals for Europe). La oss tillate oss å dvele litt ved juryens grunngjeving, på godt engelsk: 


«Førde Traditional & World Music Festival in Norway provides a remarkable example of excellence as well as artistic and curatorial integrity. […] It has been a winner off Songlines’ best world music festivals worldwide and The Guardian’s top 10 festivals in Europe.»


— Så kom pandemien som aldri ville ta slutt. I 2020 måtte vi avlyse, og i 2021 laga vi ein festival-variant vi er desto meir stolte av at vi fekk til, heilt trygt og utan smitte. Under temaet Heime hadde vi artistar frå 24 land, alle busette i Norge. Vi hadde nesten like mange arrangement, arenaer og artistar som vanleg, seier festivaldirektør Per Idar Almås.

Elaha Sorror & Kefaya - ein av to artistar på magisk klubbkveld fredag.


Endeleg kan vi danse igjen 

Når vi no arrangerer ein god, gammal festival igjen, går vi tilbake til det beste fortida har å by på. Igjen kjem verda til Førde. Men det betyr ikkje at vi ryggar inn i framtida. Årets festival har mykje nytt å by på, og i tillegg børstar vi støvet av nokre gamle klassikarar. Det nye først:  

— I fjor bygde Scandic Sunnfjord Hotel ferdig Sunnfjordsalen, og hotellet har - inkludert klubbscena Larris - to svært gode konsertlokale. Tidlegare spreidde vi konsertane rundt omkring på hotellet både fredags- og laurdagskvelden, med det resultatet at publikum vart vandrande vel mykje imellom og kanskje ikkje fann heilt roen. I år dedikerer vi éin kveld til kvar etasje, seier arrangementssjef og kunstnarleg ansvarleg for programmet, Sølvi Lien.

Superbandet Ayom går på scena fredag kveld på Scandic.

Fredag blir det magisk klubbkveld på Larris med to band. Elaha Soroor & Kefaya frå Afghanistan speler ein rå miks av gamle afghanske folkesongar og røffe rytmar. Med plata Songs of our Mothers har Elaha Soroor levert ein dristig protest mot Taliban og patriarkatet i heimlandet ho måtte flykte frå. Etterpå går multinasjonale Ayom på scena med ein miks av afrikanske og tropiske rytmar. Den brasilianske perkusjonisten Jabu Morales er frontfigur for bandet som har oppnådd ein enorm popularitet. — Begge banda fyller store konsertarenaer og speler for tusenar. I Førde får du oppleve dei på intimkonsert på Larris. Det er sjeldan ein kjem så tett på artistar av dette formatet, seier Sølvi Lien. 

— Nytt på Larris er elles at vi pangstartar festivalen med kongolesisk rumba allereie på onsdagen: Dizzy Mandjeku & Odemba OK All Stars. Etter to år med danseforbod blir det fantastisk å sparke i gang festivalen på dansegolvet, seier Lien og held fram: 

Mercedes Ruíz - ei av dei store flamenco-stjernene frå Jerez kjem til Førde.

— Det blir i det heile rikeleg med høve til å danse på årets festival, også utanom kveldane på hotellet. Det gjeld anten du vil danse gammaldans på Førdehuset kvar kveld torsdag til laurdag, eller du vil gå på kurs og lære pols, rajasthansk dans, bollywood-dans eller Jølstraspringar. Og hugs, du treng ikkje å vere par for å gå på kurs.

På scena kan du sjå flamenco med ein av dei fremste dansarane i Spania, Mercedes Ruíz, eller komme tett på Hallgrim Hansegård og Torgeir Vassvik i Leakhit, eit sjeldan møte mellom norsk folkedans og joik. 

Leahkit med Torgeir Vassvik og Hallgrim Hansegård - i Teatersalen.


I gode venners lag


Begynner du å komme i feststemning? Då er det berre å køyre på! Laurdag kveld i Sunnfjordsalen speler to band. Først ut er Jaakko Laitinen & Väärä Raha med lapplandsk balkanmusikk, finsk tango og globale rytmar; eit skikkeleg partyband og dyktige musikarar. Så tar Puerto Candelaria over, det mest vågale, kontroversielle og nyskapande bandet i colombiansk musikk på fleire tiår. Frisk og rebelsk cumbia, litt mjukare og litt meir eksotisk.


Og så, rosina i hotellpølsa!


— Vi flyttar Columbi Egg tilbake i Hugleik, slik at det blir så tett og intimt som det alltid har vore. Vi har testa ut ulike konsept på Gabriel Fliflet sitt tradisjonsrike klubbformat, men Columbi Egg er best når vi sit litt oppå kvarandre, og ikkje minst når arrangementet kan dra litt ut i tid. Alle som er så heldige å ha opplevd det, veit nøyaktig kva slags godstemning eg siktar til, seier arrangementssjefen.

Ein annan klassikar som dukkar opp igjen i år, er festivalfrukosten. Laurdag morgon blir det igjen gratis frukost og musikk i parken ved Festplassen, eventuelt under tak på Rådhuset dersom vêret er dårleg. 


Endå meir nytt


— Vi er svært glade for å ha fått Trapp Ned med på laget, og vi kjem til å arrangere intimkonsertar i det vesle, sjarmerande huset ved elvekanten. I serien med tett-på-solokonsertar får du møte nokre av dei fremste, norske folkemusikarane våre. Musikken kjem til å flyte ut i gatene, seier Lien. 

Litt lenger nedi gata ligg Kardemomme kaffibar, og der arrangerer vi Møt artisten, ein uformell kafeprat leia av tidlegare WASABI-programleiar Guttorm Andreasen. Her kan du bli betre kjend med nokre av artistane, mellom andre Elaha Soroor som speler på Larris fredagskvelden. 

Vi er ein produserande festival, og i år har vi tre urpremierar: Sigrid Moldestad har sett musikk til Jan Magnus Bruheim sine barnedikt, og lagar finfin familiekonsert saman med sine medmusikarar Kåre Opheim og Jørgen Sandvik. Malin Alander, Guro Utne Salvesen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i vokaltrioen Aurom, kjem med ny musikk av komponist Agnes Ida Pettersen og tekstar av Agnes Ravatn. I det nye konseptet Folkemusikken og forteljingane, løftar vi fram Jølster-komponisten og spelemannen Anders Viken, gjennom eit kontrastfylt møte mellom Arne Sølvberg, Øyvind Lyslo og forfattar Arne Henning Årskaug. Dette er eit samarbeid med Rom for ord. 

Ebo Krdum frå Sudan kallar seg musikkaktivist. Han spelar med trioen sin på Vesle Kinn i Florø, og med fullt band i Førde.


Musikken si kraft 


Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’, men det betyr ikkje at det blir trasig og trist. Vi spelar på musikken si kraft i vanskeleg tider, musikken som knyter folk saman. 

— Til Førde kjem artistar frå land vi tenker på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar bruker musikken til å kjempe for fridom, rettferd og fred, seier festivaldirektør Per Idar Almås. 

Møtet med folkemusikarar er ofte sterkt nettopp fordi dei ber med seg ein tradisjon som er større enn dei sjølve, og som dei gjerne har måtta kjempe for opp igjennom historia. 

Blant teamartistane kan vi nemne samiske Ulla Pirttijärvi-Länsman, Elias Akselsen som syng songar frå den norske tatertradisjonen og Ebo Krdum frå Sudan med sin ørkenblues-aktivisme. Les meir om temaartistane og andre artistar på heimesida vår fordefestivalen.no

Iberi Choir frå Georgia skal ha kyrkjekonsert og SUPRA-konsert, ein heilt spesiell festkonsert med mat og drikke, som skal vere på Fjordamattunet tidleg søndag kvled. I tillegg inviterer dei til songkurs medan dei er i Førde!

Anti-mainstream festival 


På Førdefestivalen i år har vi 71 arrangement fordelte på 30 arenaer. Det kjem artistar frå 21 land, og 12 av dei har Norges-premiere. Dei har aldri vore her før, og det er ikkje slik at dei reiser vidare til nabobyen for å spele på ein annan festival der. — Førdefestivalen er eit glitrande høve til å få med seg musikk du kanskje ikkje kjenner så godt frå før, eller ikkje høyrer på til vanleg. Du får setje deg ned og verkeleg lytte, seier festivaldirektør Per Idar Almås. 

Som antropolog Thomas Hylland Eriksen seier i «FørdeFESTivalen», boka som oppsummerer nokre tiår med festivalhistorie: «Førdefestivalen er som ein fruktsalat, ikkje ein fruktkompott. Ein kan framleis skilje ananas frå eple.»

 

Dei ulike tradisjonane får stå fram nett så unike og autentiske som dei er. Festivalen skjer ikkje på eit inngjerda område, men på eit vell av små og store scener spreidde utover i kommunen og over grensa til andre kommunar. — Reisa dit og sjølve besøket er ein del av opplevinga. Og ønsker du ikkje å bevege deg utanfor bykjerna i Førde, kan du rusle og sykle mellom spelestadene og kanskje legge inn ein liten rast langs elvekanten eller på byens kafear og restaurantar, seier Almås. 


Til slutt ei kjempenyheit!


For første gong innfører vi superpass som gir deg tilgang til heile festivalen. Prisen er berre 1500 kroner for dei som er under 25 år, og 2800 for dei som er eldre. Superpassa blir selde i avgrensa tal, så ver rask på labben! 

— Superpassa er ein fantastisk sjanse til å dykke inn i festivalen med hud og hår, eventuelt bli kjent med festivalen for dei som ikkje er det. Vi håper vi ser deg 6.-10. juli! seier festivaldirektøren. 

 
Forrige
Forrige

Sølvi Lien tilsett som direktør for Førdefestivalen

Neste
Neste

Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen