Mira og Dipha Thiruchelvam leiar opningskonserten

Mira Thiruchelvam

 

Mira og Dipha Thiruchelvam er konferansierar og Grunde Almeland, leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, står for den offisielle opninga av festivalen.

Dei to bergens-søstrene har stor suksess med i bandet 9 grader nord. Mira Thiruchelvam er både musikar og komponist, og som produsent vann ho Edvardprisen i 2020, for Jaffna, debutplata til 9 grader nord. For litt sidan vann ho All Africa Music Awards i klassen Best African Jazz of the Year med songen Deemi som ho komponerte og produserte for artisten Gutu Abera. For tida er ho med på den store europaturnéen til KARPE.

Dipha Thiruchelvam

Dipha Thiruchelvam kombinerer fløytespel i 9 grader nord med jobb som arrangements- og presseansvarleg i samtidskunst-triennalen Bergen Assembly, og prosjektleiarjobb for festivalen Vill Vill Vest. - Dette er damer med mange jarn i elden, og vi er skikkeleg glade for at dei finn tid til konferansier-oppdrag inn i mellom alt, seier direktør Sølvi Lien.

Offisiell opning ved Almeland

Grunde Almeland kjem til Førde for å stå for den offisielle opninga, og vil også halde opningsinnlegget på Førdekonferansen – Draumar vi ber på. Almeland er stortingspolitikar, vald inn som leiar av Venstre sitt fylkeslag i Oslo.

 

Regien på den store opningskonsert-produksjonen er det Andreas Ljones som har hand om. Han er til dagleg produsent ved Riksscenen i Oslo.

 

 
Forrige
Forrige

Tengerton erstattar Khusugtun

Neste
Neste

Heile programmet for Førdefestivalen 2023 er klart!