H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit held fram som beskyttar av Førdefestivalen

Foto: Jørgen Gomnes

Førdefestivalen har motteke brev frå Kongehuset med den glade meldinga om at H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit ønskjer å halde fram som høg beskyttar av Førdefestivalen i fem nye år. -Dette er ei gledeleg melding for oss, og viser at vi har ein kongefamilie som bryr seg om den norske kulturarven, seier direktør Per Idar Almås. Han håpar også at 2021 kanskje kan vere året då Kronprinsessa kan få det til å klaffe med å få oppleve Førdefestivalen. -Så langt har det vore vanskeleg å få til, men vi sender invitasjon og kryssar fingrar, seier han.

Forrige
Forrige

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: kommunikasjonssjef Torill Faleide

Neste
Neste

Ved vegs ende etter tjue år