Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: kommunikasjonssjef Torill Faleide

Frå ein alle tiders tur med internasjonale delegatar på veg til Førdefestivalen. Foto: Rigmor Johnsen

 

Torill har vore i Førdefestivalen sidan 2002. Ho har elska jobben sin sidan første dag. Først og fremst fordi det har vore heilt fantastisk gjevande å gje folk så mange gode opplevingar gjennom musikk og dans. -Det er heilt fantastisk denne forvandlinga som skjer i Førde i juli kvart år under festivalen. Forventninga som stig etter kvart som veke 27 nærmar seg, og den gleda vi ser lyser i folk sine auge når dei kjem ut frå konsertane. Tenk då, alt vi har fått oppleve gjennom denne festivalen!

Men no angrar ho på utfordringa ho har gitt seg sjølv og kollegaene sine om å komme med nokre av sine beste konsertopplevingar dei åra dei har jobba i Førdefestivalen. - For meg betyr det 18 festivalar, og det er jo håplaust å velje berre tre; difor har eg landa på ei liste over fem personlege høgdepunkt. Det er ei kronologisk liste, meir enn ei toppa liste. Og det er fem blant maaange, berre så det er sagt, seier ho.

Senge på Førdefestivalen 2003. (ja, litt dårleg fotokvalitet, men..)

SENGE - songmagi frå Madagaskar

Første - eg går tilbake til  2003 - min første frå innsida; SENGE, acapella-gruppa frå Madagaskar gjorde usletteleg inntrykk. ‘Musikalsk svartekunst’ skreiv Noralv Pedersen, som dekka Førdefestivalen i Klassekampen det året. Ein fin merkelapp på den konserten, syns eg.   

Den vesle prinsen - i folkemusikkversjon

Andre - må bli Den vesle prinsen, med Gro Marie Svidal, Ulf Arne Johannessen og Harald  Hesjevoll. Ein produksjon som kom til etter ein manuskonkurranse Førdefestivalen hadde i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater. Eg stod på galleriet i teatersalen, saman med Fiona Talkington i BBC. Vi grein begge. Og Fiona henta seinare framsyninga til Kings Place i London!

Fantastisk flamenco

Tredje - og no gjer eg eit hopp i tid, heilt til 2013, til Maria Pagés Compagnia i idrettshallen. Ei forrykande flamencoframsyning som rett og slett sette publikum i kok. Som så mange gonger fekk eg ikkje sitje i ro og nyte heile framsyninga, men det eg hugsar er publikum sin fantastiske respons. DET i seg sjølv var ei oppleving.

Sublim harpeduo

Fjerde - må bli konserten med Catrin Finch og Seckou Keita i 2015. Ein sublim duo. Finch på harpe og Keita på kora har brent seg inn i minnet for alltid, og er musikarar eg stadig følgjer med på..  

Foto: Knut Utler

Constantinople altså

Femte og siste i denne omgang (?) blir Constantinople & Ablaye Cissoko i 2018. Ablaye Cissoko frå Senegal er ein musikar eg held høgt, og etter denne konserten er eg evig fan av Kiya Tabassian, Patrick Graham og Pierre Yves-Martel i  Contantinople! Fantastisk å oppleve dei i Førde!

 
Forrige
Forrige

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: arrangementssjef Sølvi Lien

Neste
Neste

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit held fram som beskyttar av Førdefestivalen