Ved vegs ende etter tjue år

Vi møtte Synnøve S. Bjørset på Bjørset - på ein ganske vindfull jølsterdag. Foto: Heidi Hattestein

 

3. desember i Førde er ein av dei aller siste sjansane til å høyre Majorstuen live.

Kalenderen hadde runda 2019, og vi var nett begynte på eit nytt tiår. Majorstuen gav ut «Jubel» og gledde seg til turneen. Så kom korona og snytte dei for jublinga.  

— Vi hadde allereie bestemt oss for at «Jubel» var siste plata, seier Synnøve S. Bjørset, felespelaren frå Jølster som har vore fast medlem i bandet sidan starten i 2000.  

Etter tjue år legg dei opp. Avgjersla er tatt i ro og mak, utan dramatikk. Synnøve trur dei skjønte det, før nokon av dei torde å seie det høgt.

— Vi skulle spele konsert og vart sittande og prate. Så kom det på bordet. Fleire av oss var begynt å kjenne på at det hadde vore litt trått litt for lenge, og vi vart einige om å reise kvart til vårt og tenke på det. Avgjersla modna, kan ein kanskje seie.

— Kven var det som uttalte dei første, avgjerande orda?

— Eg lurer på om det var eg, men eg skal ikkje seie det sikkert. Eg har selektiv hugs.  Men avgjersla var i alle fall samstemt.

Nedst i denne saka kan du lese meir om konserten i Førde, men først eit stykke folkemusikkhistorie som går ifrå Oslo vestkant via heile verda og til Ålhus i Jølster.

Nokre «fela» rebellar

Litt sta har dei alltid vore. Dei fann saman på folkemusikklinja på Norges musikkhøgskole. Det var ikkje alt dei var fornøgde med på den tradisjonsrike utdanningsinstitusjonen, og dei tok saka i eigne hender.

— Vi syntest ikkje undervisinga og faga bestandig trefte oss. Vi var svoltne på kunnskap om folkemusikken, og vi higa etter å utfalde oss kunstnarleg på våre og folkemusikkens premissar. Det kom av og til i konflikt med tingas tilstand på ein institusjon som på den tida var skrudd saman mest på den klassiske musikkens premissar, seier ho.

Den beste skulen eg har gått på, seier Synnøve om tida i Majorstuen.

Pågangsmotet sveisa dei saman. Dei etablerte seg som band og tok namnet Majorstuen, ikkje fordi dei var så urbane og kule, tvert om. Dei gjekk med Uno-klede og utan sminke og hadde langt hår heile gjengen. Dei kule gjekk på jazzlinja, og dei velkledde studerte klassisk musikk. Namnevalet var vel litt tilfeldig. På den tida var det nærast ein trend å kalle opp band etter bydelar, mellom anna lanserte Briskeby med frontvokalist Lise Karlsnes debutalbum same året. Sjølv fekk Majorstuen Spellemannprisen for sitt debutalbum i 2003.

«Den beste skulen eg har gått på», seier Synnøve om tida i Majorstuen. Dei har lært utruleg mykje av kvarandre, og dei har dyrka ensembleformatet.

— Vi er stolte av alt vi har fått til. Eg skal ikkje seie at andre har apa etter oss, men eg meiner at vi opna nokre dører. Vi fann ein ledig spot og herja godt der.

Ein mystisk, velkledd musikar på cello

For gjengen i Majorstuen har det alltid handla om instrumenta, og då først og fremst felene. Dei ber med seg forskjellige folkemusikktradisjonar, og dei ser på dei som dialekter. Dei har alltid vore ivrige på å lære kvarandres musikalske talemål, og i tillegg har dei eksperimentert med kor mykje dei kan låne frå andre sjangrar utan at det vert crossover.

— Vi har heile tida vore lojale mot vår eigen, strenge idé, seier Synnøve og held fram:

— Det vi gjorde var såpass annleis at det vekte begeistring, samstundes som det også provoserte. Slik er det ofte når ein kjem med noko nytt. Rett nok har dei kritiske stemmene like ofte løfta fram det vi _ikkje_ har gjort, som det vi har gjort.  

«Kvifor har de ikkje med bass og gitar», har stemmene spurt. Ei stund spelte Majorstuen berre med feler, la oss kalle det ei diskantrekke. No har dei også med cello og bratsj.  

— Cello er kanskje ikkje eit typisk folkemusikkinstrument, men musikkhistoria vitnar om at celloen faktisk var bassinstrumentet før kontrabassen gjorde sitt inntog. Folkemusikken har ikkje eksistert i isolasjon frå omverda, og levande tradisjonar tek alltid opp i seg impulsar frå samtida. Vent litt, seier ho og forsvinn ut døra.

 

Kven er den velkledde cellisten som spelar med Jens Galdane på dette bildet, undrar Synnøve.

 

Ho kjem tilbake med eit gammalt fotografi. Det viser to spelemenn, ein på hardingfele og ein på cello, framfor eit hus. Identiteten til hardingfelespelaren er kjent, han heitte Jens Galdane. Huset står framleis, det ligg langs den gamle Kongevegen i Lærdal, og tunet er ope for besøk. Men kven den pent kledde mannen med cello er, det er eit lite mysterium. Kanskje var han ein musikar på gjennomreise?

Den gode latteren til Synnøve

«Jubel» er den åttande plata til Majorstuen, på toppen av ei handfull singlar. For første gong har dei bestilt verk av andre. Tre av spora på «Jubel» er komponerte av høvesvis Thea Hjelmeland, Ola Kvernberg og Gjermund Larsen.

 

Pressefotografering i Majorstuen-stil. Dette er sjølvsagt til sisteplata, Jubel.

 

Sistnemnde spelte i si tid i Majorstuen. Det har vore nokre utskiftingar undervegs. Majorstuen vart etablert av Synnøve, Jorun Marie Kvernberg, Tove Hagen, Andreas Ljones, Gjermund Larsen og Ragnhild Furubotten. Først slutta Ragnhild. Så gav Gjermund seg, og dei fekk med seg Anders Löfberg. Så gav Andreas seg, og dei fekk med seg Bjørn Kåre Odde.

Synnøve synest dei drog i hamn arbeidet med dei eksterne bidraga.

— Sjølv om vi rett nok ikkje har høyrt noko særleg frå komponistane i ettertid, seier ho og ler godt, i kjent stil for dei som kjenner henne.

Dårleg karma

Å turnere er noko av det kjekkaste Synnøve veit.

— Vi har opplevd heilt fantastiske ting og spelt på dei merkelegaste stader. Eg hugsar at vi spelte på ei øy i Normandie i Frankrike, Tatihou, på ein festival der. Publikum måtte gå over til øya ved fjære sjø, og det var veldig strengt med tida, så dei skulle komme seg tørrskodde tilbake. Vi spelte i eit sirkustelt som var smekk fullt, og det eine med det andre, i alle fall måtte dei vasse inn att til fastlandet.

Frankrike er eit av Synnøves favorittland å spele i. Publikum er genuint interessert, og dei kjem i hopetal, i alle aldrar.

— Elles handlar reisehistoriene ofte om toalettbesøk, seier ho.

— Javel?

— På reise hender det jo at ein vert eksponert for framande bakteriefloraer som kan slå uheldig ut på sensitive, norske magar, og det er veldig kjipt viss det skjer akkurat idet ein skal på scena. Men det er utruleg kva ein klarer, viss ein må.

Ein gong i Tsjekkia vart fele- og cellospelar Tove Hagen dårleg. Ho var så utslått at Synnøve begynte å lure på om ho overdreiv. Det var ikkje fritt for at det fall ein og annan kommentar på flyturen tilbake til Oslo, men så, på flyet vidare til Førde, kjende Synnøve at noko var i gjære. Ho kom seg heim og vart sengeliggande i tre dagar.

— Eg er usikker på om eg nokosinne sa «unnskyld» til Tove, men i dag ler vi godt av det. Det er litt sånn «til pass for deg, Synnøve!».

 
 

Verda kjem faktisk til Førde

Ja, Synnøve elskar å turnere. Sjølve konserten tar gjerne ein time eller to i løpet av dagen, og det er så mykje anna å oppleve: sjampanjebarar, sneglar, froskelår.

Dei har spelt fleire gonger i Canada, og dei har spelt i Aserbajdsjan, Slovenia, Tsjekkia, Tyskland, Frankrike, Spania, Danbmark, Irland, England, Skottland. I Sverige har dei spelt berre éin - nei to - gonger, og det synest Synnøve er litt rart. Til Murmansk i Russland var ho ikkje med. Det er den einaste gongen ho har «skulka» fordi ho skulle noko anna.

Rundt omkring på festivalar har ho ofte møtt musikarar som ho har høyrt før.

— Eg bur i vesle Sunnfjord i Norge og har høyrt dei live, fordi dei har vore i Førde. Førdefestivalen er så mykje større enn vi kanskje forstår.


Sjølvlaga forretningsfolk

Gjengen i Majorstuen likar å ordne ting sjølve. Bortsett frå den første plata som vart gitt ut på 2L, har dei sleppt alle platene på eige selskap, noko som har gitt dei verdifull kunnskap og ei stund også inntekter.

— Det ryk fort med nokre hundre tusen kroner frå A til Å i ein plateproduksjon, og vi er heilt avhengige av tilskott frå ulike støtteordningar. No når det meste av musikken vert strøymt digitalt, sit vi kanskje att med nokre lusne hundrelappar i året, men ikkje fordi det ikkje er pengar i musikkstrøyming. Spotify og dei andre strøymetenestene tener rikeleg, men berre dei største artistane sit att med beløp som monnar. Det dryp knapt på dei minste.

— Er stupande platesal ein av grunnane til at de legg opp?

Konsertane til Majorstuen er også ei visuell oppleving - og gjerne med fleire humoristiske poeng og innslag. Som her frå Skrible-konserten på Førdefestivalen i 2018. Foto. Knut Utler

— Faktisk har vår sjanger eit publikum som framleis kjøper litt plater, men også vi merkar endringa godt. Ei stund gav platesalet ei ok inntekt til selskapet vårt, no er det nærast null. Likevel er det den evige kampen om honorar som er mest trøyttande, den er eg så utruleg lei av. Vi har sagt nei til mykje, og sjølv har eg har sagt nei til endå meir. Av og til tenker eg at nokre av honorartilboda grensar til sosial dumping, og likevel er det sosialt akseptert. Nei, ein må setje ned foten.

Avgjersla om å legge opp bygger på meir enn økonomi og det dei opplever som ein treig marknad.

— Alt er forgjengeleg, og no var tida vår komen. Vi kjenner vi har gjort det vi skulle. 

Kanskje ho skal investere i nytt klesskåp?

Eigentleg hadde ho gledd seg til å få tid til eigne musikkprosjekt. Så lyste Musea i Sogn og Fjordane ut draumejobben som avdelingsdirektør for kulturhistorie, med ansvar for formidling, arrangement og utstillingar. Ho søkte og fekk jobben.

Dermed må ho seie opp den halve stillinga ho har hatt i Fylkesarkivet, ein annan draumejobb i Synnøve sine auge. Ho synest det er vemodig å skulle overlate musikkarkivarstolen til nokon andre, men gler seg enormt til å ta fatt i den nye jobben.

— Eg får ofte høyre at «du, Synnøve, du kan jo ikkje slutte å spele fele», og det er for så vidt sant. Musikken forsvinn ikkje ut av hovudet mitt, men det vert mindre tid til den ved sidan av full stilling i musea, småbarnsliv og husbygging. Faktisk er eg litt metta på turnelivet akkurat no.

— Skal det verte godt å gå på ein kjent do?

— Ja, eller aller mest å ligge i mi eiga seng. Kanskje eg skal kjøpe meg eit nytt klesskåp? Eg har jo eitt, men eg har ikkje brukt det, og no har sambuaren min Ole tatt det. Eg har i alle år levd med kleda i eit kretsløp mellom kofferten, meg, vaskemaskina, tørkesnora og tilbake til kofferten. Den står alltid oppslått på soverommet. Og slik vil det kanskje halde fram for ein rastlaus person som meg. Eg har alltid så mange kapittel eg skal skrive!

Ho har budd i Oslo, Bergen og Jølster. Så lenge ho har ein stad å vende tilbake til i Jølster, trur ho at ho kan bu kor som helst.

— Ein av grunnane til at turnelivet har fungert så bra er at eg har hatt den balansen. Jobben som musikar er ekstremt sosial. Det er intense periodar, dels med fest og moro, og eg har fått dekka dei sosiale behova. Heime i Jølster har eg vore nærast asosial. For meg har det vore «business is pleasure», men no som det vert mindre av det, er eg spent på om eg finn att balansen.

— Viss ikkje vert det kanskje eit comeback for Majorstuen?

— Det er eg rimeleg sikker på at det ikkje blir. Det skal godt gjerast å rydde kalenderen til fem megatravle personar.

Spelar jula inn

3. desember kjem strengrekka til Førde med «Juledrøm», eit materiale dei har turnert med fleire gonger sidan det vart gitt ut på plate i 2006. Med seg har dei to unge vokalistar: Malin Victoria Alander og Katerine Nybakken. «Juledrøm» er ei hylling til den folkelege julemusikken og femnar like gjerne om det lystige og skjemtande som det høgtidlege og ettertenksame.  

Sakral dybde og lystige julesprell» skreiv platemeldaren i VG same året som plata kom ut. Gjennom flere utgivelser har de befestet sin posisjon som et annerledes og særdeles dyktig ensemble.

Dei speler i Førde på torsdagen, i Oslo på fredagen og i Steinkjær på laurdagen. Det vil seie, viss alt går etter planen i ei koronatid der planar må leggast og leggast om att like ofte som ein skiftar sokkar.

— Vi kjem nok til å smette inn eit par låtar frå «Jubel». Kanskje prøver vi å få til ein liten turné med den nye plata i mars neste år, ettersom lanseringsturneen gjekk skeis, men akkurat no er det ikkje råd å planlegge noko som helst.

Nøyaktig kor mange sjansar det vert til å høyre Majorstuen live er altså usikkert. Det er litt lotteri.

 
 

Ungt oppvarmingsband

Sunnfjord juniorspelemannslag skal ‘varme opp’ til konserten. Vi tok ein tur på Sunnfjord kulturskule for å høyre dei øve ein kveld i november, og tre av dei unge spelemennene tok seg tid til ein prat: Kari Storøy (12) på fele, Sion Shankar (7) på trekkspel og Sverre Absalon Grepstad Nes (8) på trekkspel. 

— Vi er ikkje nervøse. Det er ingen som veit kven vi er, seier dei - til ettertanke. 

— Og speler vi feil, er det berre å stoppe og prøve å komme inn att etter kvart. 

På konserten skal dei spele eit par låtar som distriktsmusikarane Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug har laga, i tillegg til ein slått frå Sturla Eide si nye notebok for juniorspelemannslag.

Kari har valt fele fordi ho synest den læt fint, og fordi det er fleire i familien som speler instrumentet. Den kjende folkemusikaren Arne M. Sølvberg er onkelen hennar. 

— Han har lært meg éin song, seier ho. 

— Det er gøy å spele trekkspel, seier Sion om sitt val av instrument, og Sverre er hjartans einig:

— Ein treng ikkje piano, for ein har på ein måte piano på trekkspelet. Og veit du, eg har til og med vore inni trekkspelet mitt. Eg og Ole måtte fikse ein tone. Vi tok ut tre delar, og då kom det berre luft og ingen lyd. 

Heldigvis er delane tilbake på plass.

Synnøve er glad for oppvarmingsbandet og for at det i det heile tatt finst juniorspelemannslag. 

— Når ein er ung og begynner å spele eit instrument, er det sosiale kjempeviktig. Musikken vert ekstra kraftfull når ein deler den med andre, og det er verdifullt å komme saman med andre som har same interesse som ein sjølv.  

Torsdag 3. desember høyrer du dei alle saman utanfor storsalen i Førdehuset rett før Synnøve og Majorstuen sin Juledrøm-konsert. Vel møtt! 

 
Forrige
Forrige

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit held fram som beskyttar av Førdefestivalen

Neste
Neste

Bornas Verdsdag Førde utsett