Marion Mulelid tilsett som ny produsent for Førdefestivalen

Marion Mulelid blir ny produsent ved Førdefestivalen..

 

Mulelid har mastergrad i teatervitenskap, og har dei fem siste åra vore inspisient ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho ser fram til å flytte til Førde og bli ein del av festivalstaben:  -g er så takknemleg for å ha fått jobben. Eg gler meg veldig til å ta fatt på arbeidet, og å få vere med på eit så bra team som lagar ein fantastisk festival.

Førdefestivalen fekk 17 søkjarar då stillinga som produsent vart lyst ut i september. - Vi er svært glade for at Marion Mulelid har takka ja til jobben som produsent. Med henne på laget får Førdefestivalen ein dyktig medarbeidar med mykje erfaring frå kulturproduksjon. Vi gler oss til å ta imot henne, seier festivaldirektør Sølvi Lien.

 
Forrige
Forrige

DRAUMAR er tema for Førdefestivalen 2023

Neste
Neste

Folkemusikk heile året med Førdefestivalen