Folkemusikk heile året med Førdefestivalen

Ingrid Jasmin Vogt og Jesús Morente - ein brennheit flamencoduo - spelar på Larris Scene 6. oktober.

 

Førdefestivalen er ikkje berre ein internasjonal folkemusikkfestival i juli kvart år, men også ein heilårsarrangør for folkemusikk. Denne hausten byr på eit stort program, med både eigne konsertar, samarbeid, turné og internasjonal familiefest.

VestaFolk-turné med Bukkene Bruse

Først ut er VestaFolk-turnéen med Annbjørg Lien, Steinar Ofsdal og Arve Moen Bergset i Bukkene Bruse. VestaFolk er Førdefestivalen sitt turnétilbod til små og mellomstore arrangørar i Vestland. -Målet med VestaFolk er å få meir folkemusikk ut til folket, og tilbodet har vorte svært godt motteke, fortel den nytilsette direktøren i Førdefestivalen,  Sølvi Lien. Den legendariske Bukkene Bruse-trioen skal innom fire spelestadar i Vestland fylke og byrjar med konsert i Fjelli i Stryn torsdag 22. september. Dagen etter spelar dei i Ciderhuset i Balestrand, og dei to neste dagane er det Kinckløa i Strandebarm og Hardanger folkemuseum i Utne som får besøk.

Steinar Ofsdal, Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset i Bukkene Bruse står på scena igjen etter 15 år og har VestaFolk-turné i september.

Svensk, spansk og samisk

FolkJazzScena er Førdefestivalen si heilårlege konsertscene. Her arrangerer stiftinga eit visst tal konsertar haust og vår, enten åleine eller i samarbeid med andre. I oktober byr FolkJazzScena på akustisk folkemusikk med den svenske superduoen, Mia Marine og Niklas Roswall og lidenskapleg flamenco med Ingrid Jasmin Vogt og Jesús Morente, ein duo som er i ferd med å markere seg på den norske konsertscena. -I tillegg samarbeider Førdefestivalen med festivalen Jazz på Jølst om ein konsert med vår samiske førstedame, Mari Boine. Boine er ein stor internasjonal artist, men har aldri spelt på Førdefestivalen, så det er ekstra kjekt å vere med å presentere Mari Boine Trio på Skei laurdag 15. oktober, seier Lien.

Samarbeid med Jazz på Jølst: Mari Boine Trio på Thon Jølster Hotel laurdag 15. oktober.

Folkemusikken og forteljingane på turné

I oktober har vi også fått på plass ein turné med ‘Folkemusikken og forteljingane’, der musikarane Arne M. Sølvberg og Øyvind Lyslo, saman med forfattaren Arne Henning Årskaug teiknar eit musikalsk og litterært bilde av jølsterkomponisten og -spelemannen Anders Viken (1898-1977). Dette er konsert-konseptet er utvikla av Førdefestivalen i samarbeid med Rom for ord, den lokale litteraturformidlaren i Sunnfjord kommune. Anders Viken-konserten gjorde stor lukke under årets festival, og no er det Breim, Skei og Viksdalen som får besøk.

I Folkemusikken og forteljingane teiknar Arne M. Sølvberg, Øyvind Lyslo og Arne Henning Årskaug eit musikalsk og litterært bilde av jølsterkomponisten og spelemannen Anders Viken (1898-1977).

Bornas Verdsdag Førde

I november er det igjen duka for den internasjonale familiefesten Bornas Verdsdag Førde, med mange ulike  verkstader og aktivitetar for born i alle aldrar. Dette store arrangementet gjer Førdefestivalen saman med Førdehuset og Sunnfjord kulturskule. Ein annan viktig samarbeidspart er Frivilligsentralen. Dei organiserer den flotte internasjonale kafeen, Fargerike Førde, der publikum får kjøpe smårettar frå heile verda. Kafeen er ein fast og viktig del av Bornas Verdsdag Førde. Heile Førdehuset vert teke i bruk under Bornas Verdsdag, og arrangementet er ein viktig fleirkulturell møteplass i regionen.

Julegjest - årets julekonsert med Sigbjørn Apeland, Frank Rolland og Marit Karlberg i Ålhus kyrkje.

Julegjest i desember

Haustsesongen vert avslutta i Ålhus kyrkje. -I år vert detein folkemusikalsk julekonsert med Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland og Frank Rolland. Trioen kjem i desember ut med plata JULEGJEST, med ei samling adventsongar og julesalmar frå Valdres. -Dette blir også repertoaret på konserten, og ganske sikkert eit nydeleg tonefølgje inn i siste delen av ventetida mot jul, avsluttar Sølvi Lien.

 

Her er oversikten over haustprogrammet:

2. oktober kl. 19.00 – Marine & Roswall, Trapp Ned, Førde

6. oktober kl. 20.00 – Ingrid Jasmin Vogt & Jesús Morente, Larris Scene, Førde

15. oktober kl. 19.30 – Jazz på Jølst: Mari Boine Trio, Thon Jølster Hotel

FOLKEMUSIKKEN OG FORTELJINGANE
Arne M. Sølvberg, Øyvind Lyslo og Arne Henning Årskaug

·         21. oktober kl. 20, BD-huset, Breim

·         22. oktober kl. 16, Brunsj og briller, Skei

·         23. oktober  kl. 16, Eldalstunet, Viksdalen

19. november Bornas Verdsdag Førde i Førdehuset

11. desember kl. 19.00 – JULEGJEST – Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland, Frank Rolland, Ålhus kyrkje 

 
Forrige
Forrige

Marion Mulelid tilsett som ny produsent for Førdefestivalen

Neste
Neste

Førdefestivalen 2022 med eitt ord: Fantastisk!