OktoberFolk - ein musikalsk vitaminpille

 

Sakna du årets Førdefestival? Då er det berre å glede seg til OktoberFolk 23.-24. oktober i Førde!

Med artistar som Polkabjørn & Kleine Heine, Moenje, Sharqant, Ole Nilsen & Ingrid Stuhaug, Habadekuk* og 9 Grader Nord, byr Førdefestivalen på ein musikalsk vitaminpille av dei sjeldne. Dette er noko for deg som elskar musikk og som diggar musikk i ulike taktartar og med ulikt opphav, og for deg som er klar for å utvide musikkhorisonten din litt. Frå tre arenaer kan du få med deg stemningsfulle arabiske tonar i Førde kyrkje, ein rotekte norsk folkemusikkonsert på Kafé Sobra og fire konsertar med tilnærma grenselause musikkopplevingar på Larris Scene. Kom på OktoberFolk og få ein herleg musikalsk opptur, som gjer at du kan gå november lyst i møte.

HER kan du sjå fullt program

HER kan du kjøpe billettar.

 
Forrige
Forrige

Hentar opp att musikk det har gått gjetord om i 30 år

Neste
Neste

Superreservar til dagsturhyttekonsertane