Heile festivalprogrammet er ute!

Noura Mint Seymali er ei av fire sterke saharakvinner som kjem til Førde i den store franske produksjonen SAHARIENNES som vert vist i Idrettshallen søndag 5. juli.

 

Aldri før har Førdefestivalen lansert festivalprogrammet sitt under meir spesielle omstende enn i år. - Når vi no presenterer komplett program for den 31. festivalen i Førde, er det sjølvsagt vårt største håp at publikum skal kunne komme til Førde og oppleve musikk frå tidleg til seint, men det gjenstår å sjå, seier direktør Per Idar Almås. Vi følgjer situasjonen frå dag til dag for så snart som råd å kunne ta avgjerda om det blir festival eller ikkje i juli. -Vi har artistar frå 29 land på plakaten, og mange av dei har aldri før spelt i Norge. Det er frykteleg trist om vi må avlyse, men biletet nett no ser utruleg komplisert ut. Akkurat i dag har vi likevel lyst til å glede oss over eit sterkt festivalprogram, og håpar at våre vener der ute vil sjekke ut artistar og program på heimesidene våre og og årets Førdefestival-speleliste på Spotify.  


Kjønn på spel - eit aktuelt tema 

Kjønn handlar ofte om grenser, eit skilje mellom ein type menneske og ein annan og eit sett med karakteristikkar som pregar dei vi plasserer i kategoriane ‘kvinne’ og ‘mann’.Under temaet Kjønn på spel, presenterer Førdefestivalen artistar som har det til felles at dei utfordrar eller kryssar usynlege grenser. -Temaet er valt fordi vi ønskjer å utfordre nokre normer, opne nokre auge og bringe fram nye tonar, seier Almås. -Som festival er vi del av ein bransje med sterk mannsdominans både når det gjeld utøvarar, produsentar, teknikarar og kunstnarlege leiarar, difor har årets program i Førde ekstra sterkt innslag av kvinner. -Kvinnene vi presenterer er pionerar og viktige rollemodellar for andre, og ingen av årets artistar står på programmet vårt fordi dei kvinner - eller menn - men fordi dei er framifrå artistar!

70% kvinnerepresentasjon

-Festivalen i Førde har lange tradisjonar for å ha bra kjønnsbalanse i programmeringa, og i år har vi ein kvinnerepresentasjon på heile 70%! Det er vi stolte av, seier Sølvi Lien, arrangementssjef og i år kunstnarleg ansvarleg for programmet, ettersom ho har vore fungerande direktør medan Per Idar Almås var i pappapermisjon. -Blant festivalbanda er det 46% som har kvinneleg frontfigur, 33% som har mannleg frontfigur, og 21% er heilt likestilte. Det er tal Lien er svært fornøgd med.


Stor satsing på born

I år doblar festivalen talet på morgonstundkonsertar rundt i barnehagane. -Vi markerer den nye kommunen ved å invitere til konsert i ein barnehage i Naustdal, ein på Vassenden og ein på Sande, i tillegg til tre i Førde, fortel Lien. I tillegg har vi ein ny barneproduksjon, der vi løftar fram Vestlandet sin rike tradisjon for barnesongar, -leikar og regler. Tippe tippe tue, er tittelen på den, som er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Vestland.

Kajsa Balto - ein ny spennande samisk artist å følgje med på!
Foto: Karoline Bjørhei

Ny arena på Breim og i Florø

Tradisjonen med konsertar utanfor kommunen held fram, og i år presenterer festivalen samiske Kajsa Balto på Vesle Kinn i Florø, og det sørafrikanske kvinnekoret Afrika Mamas på Bdhuset på Breim. I tillegg har festivalen konsert i Jakob Sandetunet i Dale, i Fjordamattunet og på Jølstramuseet på Vassenden.

Stor fransk satsing til Førde

Ein av dei største produksjonane Førdefestivalen har på programmet i år, er ei fransk storsatsing som løftar fram saharakvinner sin felles kulturtradisjon. Konserten har tittelen Sahariennes - altså saharakvinner - og er eit møte med fire profilerte artistar frå landa kring Sahara: Noura Mint Seymali frå Mauritania, Souad Asla frå Algerie, Malika Zarra frå Marokko og Dighya Mohammed frå Vest-Sahara. -Konserten er eit samarbeid mellom det franske produksjonsselskapet Dérapage og operaen i Lyon, og premieren er planlagt til Lyon i juni, deretter står Førde for tur, fortel Lien.


Sjeldne kvinner - og ny norsk danseframsyning

Frå heile verda inviterer festivalen sterke kvinnelege instrumentalistar, kvinner i mannlege tradisjonar, men også menn i kvinneroller. Dona Onete har på få år vorte ein kultperson i heimlandet Brasil. Ho er professor i historie og Amazonas-studiar, og debuterte som musikar i ein alder av 72. No er ho 80 og ein frittalande artist, som står på barrikadane for homofile sine rettar og for kvinnesaka. Amazonasdronninga er kjend for sin svært dansbare musikkstil, og har ei fantastisk sceneutstråling.

Gambiske Sona Jobarteh er fødd inn i ei av dei fem sentrale griotslektene i Vest-Afrika, og er den første kvinna frå ei slik slekt som spelar kora profesjonelt. Koraen er griotane sitt instrument, og i ein 700 år gamal tradisjon har koratradisjonen vorte overført frå far til son. Sona Jobarteh utfordrar ikkje berre denne mannsdominerte musikktradisjonen, men har også markert seg som komponist, produsent og kulturentreprenør.


Ei av dei som utfordrar den mannsdominerte gnawatradisjonen i Marokko, er Asmâa Hamzoui, som er den første kvinnelege gimbri-musikaren i landet. -Saman med bandet sitt, Bnat Timbouktou, har ho sparka i gang ein liten revolusjon i den marokkanske gnawamusikken dei siste åra. Dei høyrer sølvsagt naturleg heime på festivalen vår i år, seier arrangementssjefen.


Særeigne dansetradisjonar-Kvinner dansar med kvinner og menn dansar med menn, eller å danse staur, som det heiter. Tenk om dette var regelen, på lik linje med at kvinner dusjar saman og at menn dusjar saman, seier Sigurd Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet, som til festivalen lagar ny danseframsyning med tittelen Danse staur, danse staur. Kartellet vil for første gong ha med kvinnelege dansarar i ei framsyning (!), og dei deltek i paneldebatt om kjønnsroller og normer.

Frå India kjem Haripriya Nambudiri Kathakali Ensemble med ein 800 år gamal dansetradisjon der menn har dansa alle roller - og så kvinnerollene. Grunnen var at dansen var fysisk krevjande, og fordi kvinner sin plass var i heimen. Gifte kvinner hadde heller ikkje lov å opptre offentleg. -Dei siste åra har kvinner kome inn i kathakali, og no kjem det ein heil generasjon kvinner som vert profesjonelle kathakali-utøvarar, og tek tilbake dei kvinnelege rollene, i følgje Lien.

Levande musikk frå heile verda

Førdefestivalen har også sikra seg Valkyrien Allstars og TV-aktuelle Tuva Syvertsen på plakaten. Vossingen Irene Tillung tek med seg draume-ensemblet sitt, Ti på Taket og eitt av dei heitaste internasjonale namna innan sjangeren, den kypriotiske trioen Monsieur Doumani, kjem også til Førde. Det same gjer Latin Grammy vinnarane Puerto Candelaria frå Colombia, som serverer ein hyperelegant miks av musikk, humor og karneval. Afrikanske rytmar får du av kamerunske Valérie Ékoumé og endeleg kjem også den skotske supertrioen TALISK! Irland er representert med The Friel Sisters. Eventyrlege Söndörgö frå Ungarn kjem tilbake på si andre vitjing i Førde, og på Hafstadfjellet får du i år høyre georgisk mannssong ved Iberi Choir.


Førdekonferansen 2020: Mangfald i utakt

Temaet for festivalen flyt også over til Førdekonferansen, dagskonferansen som går av stabelen torsdag 2. juli. På konferansen stiller vi spørsmål om korleis det står til med mangfaldet på kulturfeltet, der meininga at alle, uansett bakgrunn, etnisitet, kjønn og funksjonsevne skal vere ein naturleg del av all kunst og kultur. Kva går vi glipp av når kulturen blir einsarta? Konferansen vert leia av Maria Utsi, og blant innleiarane finn vi namn som Ole Reitov frå Freemuse, Marte Wilhelmsen Solheim frå senter for innovasjonsforsking ved Universitetet i Stavanger, scenekunstnar og dramatikar Camara Lundestad Joof og sosialantropolog Michael Walle.


Komplett artistliste for Førdefestivalen 1.-5. juli 2020:

DONA ONETE (Brasil), SONA JOBARTEH (Gambia), SAHARIENNES - NOURA MINT SEYMALI, SOUAD ASLA, DIGHYA MOHAMMED, MALIKA ZARRA (Algerie, Mauritania, Marokko, Vest-Sahara), ASMÂA HAMZAOUI & BNAT TIMBOUKTOU (Marokko), VALKYRIEN ALLSTARS (Norge), PUERTO CANDELARIA (Colombia), MONSIEUR DOUMANI (Kypros), TALISK (Skottland), SÖNDÖRGÖ (Ungarn), VALÉRIE ÉKOUMÉ (Kamerun), VARDAN HOVANISSIAN & EMRE GÜLTEKIN TRIO (Armenia/Tyrkia),IBERI CHOIR (Georgia), KARTELLET (Norge), AFRIKA MAMAS (Sør-Afrika), THE FRIEL SISTERS (Irland), JOHANNA JUHOLA (Finland), ZAGALA (Spania), ALASH ENSEMBLE (Tuva), KAJSA BALTO (Norge), IRENE TILLUNG & TI PÅ TAKET (Norge), KILEMA (Madagaskar), BENEDICTE MAURSETH (Norge), MARINE & ROSWALL (Sverige), HAMID SAKHIZADA (Afghanistan/Iran/India/Norge), HARIPRIYA NAMBUDIRI KATHAKALI ENSEMBLE (India), MORGONRODE (Norge), IBOU & SOLO (Senegal/Burkina Faso), JOVAN PAVLOVIC & ANNE FOSSEN (Serbia/Norge), KARI SLAATSVEEN, FINN TOKVAM, IRENE KINUNDA AFRIYE, BJØRNBLAKKEN, ØYVIND BRABANDT, HEVD, SMÅRADARANE, GABRIEL FLIFLET, STEINAR OFSDAL, RASMUS KJORSTAD, BENDIK SMEDÅSGJELTEN QVAM, TUVA FÆRDEN, KIRSTI BAKKEN KRISTIANSEN, INGRID STUHAUG, OLE NILSSEN, HÅKON HØGEMO, MALIN ALANDER, TOM KARLSRUD, DJ NEFERTITI, ANNA GJENDEM, BRITT ELISE SKRAMog INDRE SUNNFJORD SPELEMANNSLAG (Norge)

 
Forrige
Forrige

FESTIVALBROSJYREN - DIGITALT

Neste
Neste

Molsky's Mountain Drifters-konsert AVLYST