'MUSIKK I KRISER' TEMA PÅ FØRDEFESTIVALEN 2022

Sevdah-kongen Damir Imamovic vert å høyre på Førdefestivalen i juli. Foto: Samir CK

 

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. 

Musikk i kriser

Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon eller brukar musikken til å kjempe for fridom, rettferd og fred. -Førdefestivalen vil først og fremst heidre musikken og hylle dei som gjer at den lever og vil leve i framtida, fortel Almås.

 
 

Olav Torget og Ulla Pirttijärvi i Aššû.

 
 

Norske minoritetar

-I ekstreme tilfelle veit vi at styresmakter forbyr musikk i alle former. Her i Norge er det samane som har kjent eit forbod på kroppen, då joik var forbode til langt ut på 70-talet. Joiken spelte ei viktig rolle i den samiske kampen mot undertrykking, og takka vere modige og kloke songarar står denne tradisjonen sterkare i dag enn nokon gong. På plakaten i Førde står Aššû med samiske Ulla Pirttijärvi og Olav Torget.  

 

Elias Akselsen. Foto: Knut Utler

 

Førdefestivalen har ved fleire høve presentert romfolket sine sterke musikktradisjonar frå andre kantar av verda. I år er vi så heldige at den store stemma til Elias Akselsen skal formidle songane frå den norske tatertradisjonen.

 

Damir Imamovic kjem med trioen sin til Førde.

 

Bosnisk nasjonalskatt

- Musikk lækjar hjarta våre og får oss gjennom alt. Den trøystar i vanskelege tider, og utfordrar i gode. Så er det tider, som dei vi lever i no, då vi treng å lækje musikken. For å gjengjelde ei teneste til ein god ven, seier sevdah-kongen Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina. Sevdahtradisjonen i har røter tilbake til 1500-talet og utvikla seg på kafeane i Sarajevo og Mostar på 1900-talet. Musikkforma var svært populær i Jugoslavia i 20 og 30-åra, og under kommunismen frå 45-90, var det sevdah-musikken som underheldt massane. Sevdah kunne gått inn i historia som ein utdatert kultur som tilhøyrde Tito-regimet, men under bosniakrigen fekk den ein ny vår, takka vere ein ny generasjon musikarar, ikkje minst Damir Imamovic.

 

Ebo Krdum musikaren som vil skape endring gjennom musikken sin. Foto: Olof Grind

 

Ørkenblues-aktivisme

Ebo Krdum var aktiv og brukte musikken sin i den fredelege revolusjonen mot det korrupte og valdelege regimet i krigen i Darfur i heimlandet Sudan. 21 år gamal flykta han til Sverige. For å bli musikar og for å skape endring gjennom musikk. Musikarane i bandet hans, Genuine Mezziga, er handplukka. Dei syng på daju, pels, svensk, engelsk, arabisk og fransk. -Det er så fint. Eg ønskjer verkeleg at folk, sjølv i flyktningleirar i Sudan skal kunne ta del i det vi syng om, om politikk, kjærleik og fridom, seier Ebo Krdum, som kjem med sin ørkenblues-aktivisme til Førde.

 

Kongolesisk rumba med Dizzy Mandjeku & Odemba OK All Stars.

 

Kongolesisk rumba

Hit kjem også Dizzy Mandjeku & Odembe OK All Stars. -Mandjeku er ei levande legende når det gjeld å ta vare på og utvikle Kongo sin verdskjende musikktradisjon, kongolesisk rumba. Rumbaen oppstod i Sentral-Afrika, og kom med slavane til Karibia. Her vart den påverka av cubansk son, før den igjen gjorde sitt inntog i Kongo. -Den kongolesiske rumbaen spelte ei sentral politisk rolle i landet sin kamp mot koloniherrane på 1900-talet, og det er denne rolla i motstandskampen som har  inspirert musikarar verda over. Musikktradisjonen er ein viktig del av identiteten til begge dei kongolesiske republikkane i dag, og 14. desember 2021 fekk kongolesisk rumba Unesco-status på linje med jamaikansk reggae, spansk flamenco og folkemusikktradisjonen i Setesdal..  

 

Vardan Hovanissaian & Emre Gültekin. Foto: Dieter Telemans

 

Armenia, Tyrkia, Iran og Palestina

Armenia og Tyrkia har ei blodig historie, men har også mange kulturtradisjonar til felles. Dudukspelaren Vardan Hovanissian og saz-meisteren Emre Gültekin har utforska dei tette banda mellom tyrkiske og armenske tradisjonar i mange år. Med musikken sin opnar dei dørene til den rike musikktradisjonen i dette urolege beltet, som også omfattar Georgia, Iran og dei kurdiske områda.

 

Atine, med fem kvinnelege musikarar frå Iran, Palestina og Frankrike. Foto: Jeff Le Cardiet

 

I Atine, kjem tre av dei fem kvinnelege musikarane frå Iran, eit land der kvinner ikkje har kan opptre offentleg. Dei hentar inspirasjon frå persisk musikk på slutten av 1800-talet byrjinga av 1900, men Atine tek både musikk og tekstar inn i si eiga tid. - Musikken vår er fri, seier Atine. Vi vil ikkje kopiere, men skape noko nytt, og vi ønskjer å vise kva det er å vere persisk i dag. At det handlar meir om å vere fri enn å hugse.

Kunst i kriser - tema på konferanse

På Førdekonferansen 2022, dagskonferansen som vert arrangert torsdag 7. juli, vil temaet Kunst i kriser bli drøfta av spennande norske og internasjonale innleiarar.

 

 Artistar til Førdefestivalen 2022 - pr 28. januar 2022:

Aššû - Sapmi / Norge; Atine - Iran / Palestina / Frankrike; Damir Imamovic - Bosnia-Herzegovina; Ebo Krdum - Sudan / Sverige; Dizzy Mandjeku & Ok All stars - Kongo; Vardan Hovanissian & Emre Gültekin - Armenia / Tyrkia; Elias Akselsen - Norge

 

 
Forrige
Forrige

Direktøren i Førdefestivalen går av

Neste
Neste

Ledig stilling og engasjement på Førdefestivalen