Førdefestivalen heile året
Førdefestivalen heile året er, som namnet seier, festivalen sitt konserttilbod gjennom året. Her samarbeider festivalen med lokale arrangørar og presenterer folkemusikk og verdsmusikk. Vi har mellom anna hatt eit fast samarbeid med Jølster jazzklubb om ein konsert på deira festival Jazz på Jølst i oktober kvart år.
DRAUMKVEDET
Draumkvedet i januar med Berit Opheim og tre fantastiske musikarar i ryggen er ei oppleving å ta med seg enten du skal møte balladen om Olav Åsteson for første gong eller har det som ei årleg hending!
Ei musikalsk hylling til COCO
Gratis familieframsyning som med musikk, dans og fargerike kostymer tek deg til dei eksotiske gatene i Mexico!
SUDAN DUDAN + krasjkurs sunnfjordspringar
Bli med når vi tilbyr ein spennande ‘ny’ pakke: krasjkurs i sunnfjordspringar + konsert med superduoen Sudan Dudan! Alt skjer på kunstmuseet i Førde!
Karl Seglem Folkjazz-kvartett
Karl Seglem skapt eit unikt lydbilete i grenselandet mellom folkemusikk og jazz. Stadig utforskande, nyskapande og nysgjerrig, kjem han med tre av sine favorittmusikarar og tjuvstartar Jazz på Jølst 2025!
Konsert og dans: Musikalsk reise med utvandrarkista
Saman med Sunnfjord Museum markerer vi Utvandrarjubileet med konsert- og dansetilstelling i Sersjantløa i Movika. Bli med!
Signe Førre Kvartett
Signe Førre Kvartett er eit spennande nytt band med musikarar frå ulike sjangrar. Musikalsk bygger kvartetten hovudsakleg på folkemusikk frå fleire kulturar.
Knut Reiersrud og Iver Kleive
Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei med jamne mellomrom spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokaler - Norge rundt.
Carpe diem - flamenco med Bellali Austria
Carpe diem - ei flamencoframsyning som hyllar sjølve livet!
Sarah Camille Trio
Intim og grenselaus musikk - med røter på Martinique og andre stadar!
JULEGJEST - Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland, Frank Rolland
Velkomen til ‘sviskefri’ julekonsert! med gamle adventssongar og julesongar frå Valdres!
Ingrid Jasmin Vogt & Jesús Morente
Vakker og lidenskapleg flamenco-musikk frå ein av våre ferskaste duoar!
KIM RYSSTAD - OR SETESDAL
«Det er en av landets absolutt fineste sangere som lar sitt instrument nærmest fløyelsaktig omfavne oss» - Aftenposten
Fliflet/Hamre 30 år - med Bjørn Tomrsen
Fliflet/Hamre sitt motto for jubileumskonserten er lånt frå John Cleese: Fremad - i alle retningar! Eit motto stjernegjesten, Bjørn Tomren, ganske sikkert kan stille seg bak!