Villreinen på Hardangervidda er i sentrum når Benedicte Maurseth og hennar sterke medmusikarar, Håkon Stene, Morten Qvenild og Mats Eilertsen kjem til Førdehuset med konserten MIRRA.
I teatersalen i Førdehuset kan du lene deg tilbake og late musikken ta deg med ut i naturen, opp på vidda til villrein og andre dyr. -Denne konserten er litt som å vere på fjellet, seier Benedicte Maurseth.
-Mirra er ei vidareføring av mitt førre verk Hárr (2022), med økosofiens perspektiv som vardestein, og der reinen denne gong har hovudrolla. Dei er merkverdige, vakre dyr. Dei er òg truga. Av menneska, framfor alt, som avgrensar plassen deira litt og litt, år for år. Vaktar me oss ikkje, forsvinn villreinen på Hardangervidda kanskje for all tid, seier ho. Plata - og konsetane - har fått strålande kritkkar her heime og internasjonalt.
Maurseth er kjem frå Eidfjord, ved foten av Hardangervidda, det største villreinområdet i landet, men fortel: - Berre to gonger i heile mitt liv har eg sett villrein. Fyrste gongen var ein svær flokk. Truleg fleire hundre dyr. Dei sprang tett, samla, og med intens stir frametter i hurtig tempo, og gjekk nærmast i eitt med det gråbrune landskapet kring dei ved Dyranut på Hardangervidda. Då var eg sju år. Mange år seinare var eg vitne til dei ein einaste gong til, då også på slump, på veg aust ein vårdag. Dette trass i at eg er oppvaksen i fjellet, på Maurset i Eidfjord, like ved foten til det enorme fjellplatået kor eg har vandra i årevis i alle himmelretningar. Der også reinen har vandra, i fleirfaldige tusen år. Dei har såleis aldri vore langt borte, jamvel så uoppnåelege, og langt borte likevel. Dei er sky ovanfor menneska, og med rette.
Lyd frå andre truga dyreartar, som no eller tidlegare har levd saman med rein på Hardangervidda, får også plass i musikken: snøugle, fjellrev, jerv, lappspurv, småspove, storspove, heilo, bergand, jaktfalk, amerikakrikkand, svartand, havelle og myrhauk.
Tittelen ‘mirra’ er eit eldre, gløymd dialektord frå Hardanger som skildrar når reinen spring i ein sirkulerande sirkel – for å halde varmen, men også for å halde rovdyr unna. At det ‘myldra’ av rein kan det og tyde.
Medverkande:
Benedicte Maurseth – hardingfele
Håkon Mørch Stene – slagverk, elektronikk
Mats Eilertsen – bass
Morten Qvenild – piano, elektronikk
Konserten er eit samarbeid med Jølster Jazzklubb, og ein del av Den musikalske stamvegen til Vestnorsk Jazzsenter
Mirra har to Spellemann-nominasjonar: Plata kan bli Årets album i open klasse, og Benedicte Maurseth kan bli Årets komponist. Spellemann-utdelinga skjer i Operaen i Oslo, og blir direktesend på NRK.