Seminarprogram 2026:

KULTUR FOR FRED

Gjennom seminarprogrammet Kultur for fred set vi søkjelys på kva kunst og kultur har å bety for samfunnsbygging. Kunst og kultur styrkjer dei demokratiske verdiane våre, viser krafta som bur i eit sosialt fellesskap, og det å forstå kvarandre.

Programmet samlar forskarar, kunstnarar, politikarar og samfunnsaktørar til kritisk refleksjon og kunnskapsutveksling om kulturen si rolle i arbeidet for å hindre konfliktar, skape fred og utvikle eit demokratisk samfunn.

Seminara er gratis. Alle er velkomne!

Seminarprogrammet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune og Høgskulen på Vestlandet - og er støtta av Fritt Ord.

Andre samarbeidspartar: Norec, Tekstallianse og Sogn og Fjordane Kunstmuseum

PROGRAM

ONSDAG 1. JULI KL. 19.00-20.00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

de:HUMANIZE - globale stemmer, menneskeverd og ytringsrom

I samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum opnar seminarprogrammet Kultur for fred med ei samtale knytt til samtidskunstutstillinga de:HUMANIZE. Gjennom 30-40 verk av kunstnarar frå Afrika, Europa og Amerika løftar utstillinga fram globale perspektiv på tida vi lever i, og set menneskeverdet i sentrum for politisk og samfunnsmessig refleksjon.  

Mange av verka tematiserer svært aktuelle spørsmål: krig og fred, utanforskap, identitet og tilhøyrsle og ytringsfridom. Utstillinga set globale erfaringar og stemmer inn i ein lokal kontekst, og inviterer oss til å reflektere rundt korleis kunst kan opne for innsikt, motstand og empati. 

Seminaret er på norsk.

Bendik B. Egge, direktør for formidling ved Nobels Fredssenter, vil halde eit innlegg om kunst, ytringsrom og menneskeverd i vår urolege tid. Innlegget vert etterfølgt av ein panelsamtale med Egge, museumsleiar Mayra Henriquez og kunstnar Terje Grimen

Billett til utstillinga de:HUMANIZE kjøper du i museumsresepsjonen.

TORSDAG 2. JULI KL. 10.00-10.20
Scene 2, Nynorskhuset

I ei verd der demokratia går kraftig tilbake, er kunstnarar og kunst- og kulturinstitusjonar under angrep som aldri før. Autoritære leiarar og despotar fryktar den frie kunsten som ei demokratibyggande kraft, inspirasjon for kreativitet, som grunnlag for idear og debatt og som avgjerande for folk si historie, tilhøyrsle og etnisk bakgrunn. Difor er kunsten utsett. Kunstnarar vert truga, sensurert, fengsla og drepne. Kulturinstitusjonar vert sensurerte eller øydelagde.  

Midt i dette finst det kunstnarar som ikkje teier. Som må uttrykke seg. Med fare for eige liv.  

Foredrag av Jan Lothe Eriksen, initiativtakar til og første daglege leiar for organisasjonen Safemuse - Safe Havens for Artist. Som pensjonist arbeider han vidare med kunstnarleg ytringsfridom som styremedlem i den internasjonale ytringsfridoms-organisasjonen Freemuse.

Seminaret er på norsk.

Kunstnarleg fridom i krig og konflikt

TORSDAG 2. JULI KL. 10.25-10.50
Scene 2, Nynorskhuset

Kunst som vitnesbyrd

Vi inviterer til ein sterk samtale med den ukrainsk-kanadiske musikaren og journalisten Marichka, leia av journalist og musikkprodusent Dan Rosenberg. Marichka lever eit liv få andre gjer: Ho er artist, krigskorrespondent og frivillig sanitetssoldat, og følgjer ukrainske soldatar heilt fram til frontlinja for å dokumentere krigen slik han vert levd – av menneske.

Marichka kjem til Førdefestivalen med musikk- og menneskeretts-prosjektet Daughters of Donbas – Songs of Stolen Children. Dette er eit sterkt vitnesbyrd om dei over 20 000 borna som er bortførte til Russland frå okkuperte område i Aust-Ukraina.

Gjennom musikk, forteljing og dokumentasjon løftar prosjektet fram både uretten og håpet, for dei råka familiane og for eit land som kjempar for framtida si. Korleis kan ein finne fred og forsoning etter slike handlingar? Dette er ei sjeldan høve til å komme tett på ei historie som framleis er i ferd med å bli skriven.

Seminaret er på engelsk.

TORSDAG 2. JULI KL. 11.00-11.30
Scene 2, Nynorskhuset

Er kulturen påkopla samtida?

I ein panelsamtale med Anne Arnesen Mørch frå Tekstallianse, Sølvi Lien frå Førdefestivalen og Ida Pallin Bostadløkken frå Kapittelfestivalen løftar vi blikket og stiller dei store spørsmåla: Kva samfunnsansvar har kulturlivet i møte med krig, urett og globale kriser? Kvar går grensa mellom solidaritet, aktualitet og kunstnarleg fridom? Panelet diskuterer spenninga mellom etisk ansvar og kunstnarleg programmering – og om kulturen er tett nok kopla på samtida vi lever i.

Panelsamtalen er på norsk.

Denne bolken er eit samarbeid med Tekstallianse.

TORSDAG 2. JULI KL. 12.30-14.30
Teatersalen, Nynorskhuset

Kultur for fred – perspektiv på kultur, makt og internasjonalt samarbeid i ei uroleg verd.

Er det mogleg å bygge ein fredskultur slik verda ser ut i dag? Korleis kan ein jobbe med dialog, diplomati og tillit  når opprusting, krig og mistenksomheit er det dominerande? Kva viser forsking, politikk og erfaringar frå feltet? Saman med Norec set vi søkjelys på korleis kultur og internasjonalt samarbeid er viktige for at fred ikkje berre blir ein visjon men eit reelt alternativ.

Seminaret er på norsk.

12.30 Velkommen

Programleiar Roger Sevrin Bruland, kommunikasjonsleiar i Norec.

12:35 –13.00 Marte Heian-Engdal

Forskar og historikar Marte Heian-Engdal opnar seminaret med eit engasjerande overblikk over dei store linjene i verdspolitikken i dag – om krig, makt og globale spenningar.

13.00 – 13.15 Uviklingsminister Åsmund Aukrust

Utviklingsministeren gjev eit politisk perspektiv på internasjonalt samarbeid, kulturutveksling og fredsarbeid i ei uroleg verd.

13.15 – 13.25 PAUSE

13.25-13.40 Mellom middagsbord og diplomatisk krise

Kva skjer når arbeidsplassen din er midt i ein av verdas mest fastlåste konfliktar, og heimen din er i same region?

Margunn Indrebø Alshaikh, visespesialrepresentant for UNDP PAPP, lever eit liv prega av djupe kontrastar i Israel. I denne samtalen får vi eit unikt innblikk i korleis det er å balansere rolla som diplomat og forelder i eit landskap der det personlege og det politiske er umogleg å skilje. Korleis tek ein vare på både den profesjonelle nøytraliteten sin og den menneskelege empatien når kvardagen står i fare for å rakne?

13.45-14.05 Ingeborg Breines

Refleksjonar rundt kultur, utdanning og freds-arbeid, basert på lang erfaring frå internasjonalt arbeid for dialog og ytringsfridom. Kan UNESCO og FNs visjon om Fredskultur hjelpe oss å lære å leve saman i fred? Breines deler også refleksjonar frå boka «Fredskultur- Utopi eller sikkerhetspolitisk alternativ».

14.05-14.30 Panelsamtale: Kan kultur byggje fred?

Roger Severin Bruland samtalar med Heian-Engdal, Breines og Aukrust. Panelet drøftar korleis kulturutveksling kan bidra til berekraftig fred – og kva utfordringar som ligg i feltet i dag.

FREDAG 3. JULI KL. 10.00-11.00
Scene 2, Nynorskhuset

Håp for framtida – å byggje ein kultur for fred

Korleis skaper vi ein kultur for fred i framtida, her hos oss, i Vestland? Fred er ikkje berre er eit internasjonalt spørsmål, men noko som vert bygd i kvardagen: i oppvekst, fellesskap, inkludering og måten vi tek vare på kvarandre. Med særleg blikk på born og unge, ser vi på kva som skal til for å skape robuste menneske med gode verdiar, sterke fellesskap og motstandskraft mot utanforskap og urett.

Seminaret er på norsk.

10.00-10.20

Barnehagen som arena for fredsarbeid

Krig råkar alltid dei svakaste med brutale konsekvensar. I vår tid, der mange kriser kjem opp på kvarandre, treng vi håp og mot til å handle. Elin Eriksen Ødegaard, senterleiar for BarnKunne, fortel om korleis barnehagen kan vere ein arena for fredsarbeid. Dei første åra i eit barns liv er avgjerande for utvikling av verdiar, haldningar og evna til å møte andre med openheit og respekt.

10.20-10.35

Å ta vare på kvarande – fred i praksis i Vestland

Korleis kan politiske prioriteringar, haldningar og konkrete tiltak styrkje fellesskap, motverke utanforskap og skape tryggare lokalsamfunn? Sarah Anderson frå Vestland Fylkeskommune deler erfaringar frå arbeidet med inkludering, folkehelse og antirasisme, med særleg vekt på ungdom og menneske i sårbare livssituasjonar.

10.40-11.00

Å leve saman – ungdom, mangfald og framtidshåp

Korleis kan unge lære å leve saman i ei verd prega av ulikskap, konflikt og raske endringar? Gjennom erfaringar frå UWC sitt arbeid med ungdom frå heile verda, vert utdanning løfta fram som ein arena for forståing, fellesskap og ansvar. Samfunnskontakt ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, Leonora Kleiven og ungdommar frå skulen fortel om arbeidet med kulturdeling og kulturforståing.

FREDAG 3. JULI KL. 14.00-14.30
Førde bibliotek, Førdehuset

Boksamtale med Rima Iraki

Vi inviterer til boksamtale med Rima Iraki, som er aktuell med boka «Flukten fra Palestina». Samtalen blir leia av journalist og forfattar Katrine Sele.

Bestefaren til Rima flykta frå Palestina i 1948. Foreldra hennar flykta vidare. Sjølv er Rima Iraki fødd i Aust-Berlin, som tredje generasjon på flukt. Dei sa alltid at dei skulle heim att til Palestina. Dei skulle berre vere borte i nokre veker, til det vart trygt. Flukta, alle dei nye landa – alt var mellombels. Over eit halvt hundreår seinare verkar det mindre sannsynleg enn nokon gong at Rima Iraki sin familie skal kunne vende heim. 

Som programleiar i Dagsrevyen og Urix rapporterte Iraki i mange år om krig, konflikt og flyktningstraumar. No fortel ho for første gong si eiga sterke familiehistorie. Boka syner krigens konsekvensar gjennom tre generasjonar, og tek oss tett på dei menneskelege kostnadene av storpolitikken. det handlar om oppbrot, om stadig å måtte slå nye røter, og om håp, motstandskraft og identitet.

Boksamtalen er på norsk.

LAURDAG 4. JULI KL. 12.00-12.25
Røyst Mat & Vin, Nynorskhuset

Kaffipraten: HrayBery

Den polsk-ukrainske gruppa HrayBery gjev nytt liv til gløymd dansemusikk frå grenseområda mellom Polen og Ukraina. Musikken har røter heilt tilbake til 1500-talet, og speglar eit tid då området var ei blanding av dialektar, språk og musikk i ein fleirkulturell og fredeleg smeltedigel der ukrainarar, polakkar, jødar og romfolk levde side om side. HrayBery spelar på autentiske instrument, og er eit viktig vitnesbyrd om ei svunnen tid i dette området.

Du møter HrayBery i samtale med Martina Laab, musikkjournalist i austerriksk radio.

Samtalen er på engelsk.

LAURDAG 4. JULI KL. 15.30-15.55
Røyst Mat & Vin, Nynorskhuset

Kaffipraten: Jawa

Jawa er eit musikkensemble frå Syria, og har som mål å ta vare på og nytolke den sufiske musikkarven frå Aleppo, ein tradisjon som no er truga av krigen i Syria. Samtalen med Jawa vil både fokusere på musikktradisjonane dei forvaltar frå eit krigsråka land, men også musikken og sufi-filosofien si rolle i å skape fred i sinnet.

Du møter Jawa i samtale med Martina Laab, musikkjournalist i austerriksk radio.

Samtalen er på engelsk.