Tilgjengelighet

Førdefestivalen skal vere ein festival for alle. Vi arbeider systematisk for å sikre god tilgjenge ved våre arrangement, og på denne sida har vi samla all informasjon om tilrettelegging, framkomst og praktiske forhold. Dersom du ikkje finn det du lurer på, ber vi deg ta kontakt i god tid før arrangementet. Send ein epost til billettar@fordefestival.no eller ring oss på sentalbordet 46 90 50 10.

Ledsagarbevis

Førdefestivalen aksepterer gyldig ledsagarbevis på alle arrangement. Ledsagar får gratis billett ved framvising av gyldig bevis. Ledsagarbillett må reserverast samtidig med ordinær billett. Send ein epost til billettar@fordefestival.no, så får du billetten tilsend. Under festivalen kontaktar du billettkontoret i Førdehuset. Du må vise gyldig følgjekort.

Planlegging og individuell tilrettelegging

Vi oppmodar publikum som har behov for særskild tilrettelegging om å ta kontakt i god tid. For arenaer med avgrensa kapasitet for rullestol, er det viktig å reservere plass på førehand. Ved arrangement med buss (Sunnfjord Museum og Jakob Sande-tunet), må behov for rullestolplass meldast frå på førehand. Send ein epost til billettar@fordefestival.no eller ring sentalbordet 46 90 50 10.

Transport og parkering

Fleire av arenaene ligg i Førde sentrum i gangavstand frå busstasjonen. For rutetabellar og reiseinformasjon: www.skyss.no og www.entur.no. Offentlege HC-parkeringsplassar finst i sentrum og ved fleire arenaer.

Tilgjenge ved våre arenaer

Førdehuset

Førdefestivalen sitt hovudarena. Her finn du Idrettshallen, Storsalen, Festsalen, Teatersal og billettkontor i Utstillingssalen.

·         Trinnfri tilgang til bygget

·         Heis mellom etasjar

·         Rullestoltilrettelagde plassar i salane

·         HC-toalett i bygget

·         Asfaltdekke utanfor

·         Parkering ved bygget

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Signalbygg midt i Førde sentrum. Høgsalen og Takterrassen vert brukte under festivalen.

·         Trinnfri tilgang

·         Heis

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

·         Asfalt/brostein i sentrum

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Festivalhotellet i sentrum. Arena for Larris Scene, Sunnfjordsalen og Hugleik.

·         Trinnfri hovudinngang

·         Heis til alle etasjar

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

·         Parkering ved hotellet

·         Rett ved busstasjonen

Nynorskhuset

Arena for Teatersalen og restauranten Røyst.

·         Trinnfri tilgang

·         Heis

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

·         Asfaltdekke i sentrum

Førde kyrkje

Stemningsfull konsertarena med om lag 450 sitjeplassar.

·         Gangavstand frå sentrum

·         Rullestoltilrettelagt

· HC-toalett i bygget

Parken – Festplassen

Idyllisk utandørsarena midt i sentrum.

·         Gras/naturterreng

·         Framkomst kan vere påverka av vêr

·         Rullestolbrukarar kan plasserast på fast grussti i nær tilknyting til konsertområdet

·         Det er ikkje toalett på sjølve arenaområdet

Torgscena – Elvetorget

Utandørsarena i ope byrom i sentrum.

·         Asfalt og brostein

·         Trinnfri tilgang

·         HC-toalett i nærområdet

Sentrum Sør og Langebrua

Ope byrom brukt til arrangement under festivalen.

·         Fast dekke

·         Trinnfri tilgang

·         HC-toalett i nærliggande bygg under arrangement

Vidsyn – Sentrum Sør

Utsiktspunkt i terreng brukt til spesielle arrangement.

·         Naturterreng og stigning

·         Arenaen er ikkje tilgjengeleg for rullestol

·         Ikkje HC-toalett på arena

Sunnfjord Museum – Movika

Utandørsarena ved Movatnet, med innandørs alternativ ved dårleg vêr.

·         Naturterreng

·         Midlertidige HC-toalett

Jakob Sande-tunet – Dale

Historisk tun der låven vert brukt som konsertarena.

·         Grusveg og nivåforskjellar

·         Avgrensa rullestoltilgjenge

·         Ikkje HC-toalett

·         Ta gjerne kontakt med festivalen på førehand ved behov for tilrettelegging

Vesle Kinn – Florø

Kulturarena og ølbar i Florø sentrum.

·         60 sitjeplassar

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

Langhaugane barnehage – Vassenden

Morgonkonsert i barnevennlege omgjevnader.

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

·         Parkering ved bygget

Vie barnehage – Førde

Morgonkonsert i barnevennlege omgjevnader.

·         Rullestoltilrettelagt

·         HC-toalett

·         Parkering ved bygget

Kontakt

Har du behov for individuell tilrettelegging, eller spørsmål om framkomst, ber vi deg ta kontakt med oss i god tid før arrangementet.

E-post: billettar@fordefestival.no
Telefon: 46 90 50 10