Billettinformasjon
-
For å unngå kø i samband med kjøp av billettar, oppmodar vi alle til å kjøpe billettar på førehand, via TicketCo: Arrangementer Førdefestivalen
Elles er de hjarteleg velkomne til å besøkje oss på billettkontoret i Utstillingssalen i Førdehuset for informasjon og hjelp.
-
ENKELTBILLETTAR
Desse kjøper du på TicketCo.no eller på Billettkontoret.FESTIVALPASS 2027
Festivalpasset inkluderer fem hovudkonsertar og tre dansearrangement, og gir i tillegg rabatt på alle andre konsertar.Dei fem hovudkonsertane blir annonserte seinare.
Festivalpasset gir tilgang til tribuna/galleriet i Idrettshallen. Ønskjer du nummerert sete i felt A, B eller C på golvplan, kan dette kjøpast for kr 50 per konsert.
Danseglede i Festsalen etter konsertane i Idrettshallen er inkludert i festivalpasset.
Passbillettar må bytast inn i armband på Billettkontoret.
-
JA! Vi har fast pris på maks kr 250,- for UNG u 30 år på alle konsertar.
-
Ja, vi har ein KVELDSRABATT - den gjeld torsdag, fredag og laurdag og fungerer slik: Når du kjøper ordinær billett til dei store konsertane i idrettshallen desse dagane (opningskonsert, Keltisk - og bortanfor! og Førdes fredskonsert), får du stor rabatt på resten av konsertane den same kvelden; med eitt unntak: Columbi Egg laurdag kveld.
Kjøp av billett til desse tre store konsertar, utløyser ein promokode som skal brukast for dei neste konsertane.
-
Det er i gang!
-
I festivalveka vil vi også ha billettkontor inne i Førdehuset.
Billettar til Førdefestivalen kan du heile tida kjøpe hos TicketCo og via programsidene på heimesida vår fordefestival.no.
-
Via fordefestival.no kan du ta kontakt med kundesørvis og få hjelp i samband med billettkjøp, og svar på spørsmål du måtte ha. Du kan også ringe oss på: 46 90 50 10.
-
Du kan bruke både datamaskin, nettbrett eller smarttelefon for å kjøpe enkeltbillettar og pass. Dersom du skal kjøpe fleire billettar, er det best å bruke PC eller MAC.
-
Enkeltbillettar kan du enten skrive ut og vise ved inngangen til konserten. Eller du kan ha billetten som ein QR-kode på telefonen og vise den for skanning ved inngangen til konserten.
-
Alle billettprisar er inkluderte serviceavgift. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
-
Har du spørsmål om program, billettar eller andre ting, kan du snakke med oss via Messenger på fordefestival.no, sende epost til: billettar@fordefestival.no eller ringe oss på tlf 46 90 50 10.
-
Billett kr 75,- for born på alle konsertar og kurs.
Alder: Under 14 år. -
På Opningskonserten, fredagskonserten og laurdagskonserten har vi tre felt der ein kan kjøpe billett med setenummer i Idrettshallen. Dette er FELT A, B og C.
Det er unummererte sete lengre bak i hallen, pluss amfi og tribune med unummererte sete. Billettar til FELT og unummerert har ulik pris, dette får du opp når du bestiller billetten din.
-
Idrettshallen i Førdehuset er den største innandørs konsertarenaen vår. Vi opnar dørene 45 minutt før konsertstart. Der vil publikumsvertane vise dykk til plassane dykkar.
Andre arenaer Alle andre konsertsalar har unummererte plassar, og innslepp til konsertane er 30 minutt før konsertstart.
-
Vi har fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/rullestolbrukar på dei fleste konsertarenaane. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp.
Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje oss på tlf 46 90 50 10 eller sende epost til leni@fordefestival.no
-
Buss er inkludert til konsertane som ligg utanfor sentrum. Sjå kvart enkelt arrangement for detaljar om avreise.
Informasjonen vert oppdatert.