Fred! er tema for Førdefestivalen 2026
Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til. Det er då vi må snakke om fred.
EKSTRA!!!
Her er to programpostar som har kome til etter at programmet for festivalen vart trykt:
ONSDAG 1. JULI KL. 22.30: FAKKELTOG OG FREDSBÅL
Etter konserten med RASTAK på Scandic går vi i fakkeltog til Festplassen og samlast rundt bålet for å synge, spele og kjenne på fellesskapet. Eit håp om fred. Kom og bli med. Vi har faklar!
FREDAG 3. JULI KL. 15.00 : Førsamtale om Den lange vandringa - med Benedicte Maurseth, Olav Strand og Håvard Klyve Parr. Gratis.
Velkommen til ein «eksamensførebuande» samtale på Førde bibliotek! Samtalen er også ei førebuing til den litterære konserten «Folkemusikken og forteljingane». Både samtalen og konserten tek utgangspunkt i boka «Den lange vandringen – Rein og mennesker gjennom 500 000 år.»
Konsertar med fleire artistar:
-

OPNINGSKONSERT
TORSDAG 2. JULI i Idrettshallen, Førdehuset
Den store opningskonserten med fleire artistar på scena i storstova er alltid ei heilt spesiell oppleving!
-

KELTISK - OG BORTANFOR
FREDAG 3. JULI i Idrettshallen, Førdehuet
Kinnaris Q og El Pony Pisador på scena, og med langbord, bar og laus snipp er det duka for nok ein topp fredagskveld storstova vår!
-

FØRDES FREDSKONSERT
LAURDAG 4. JULI i Idrettshallen, Førdehuset
I år spelar vi for fred! Då måtte vi også ha vår eigen fredskonsert. Konserten blir leia av Rima Iraki.
-

KLUBB KOMLE på tur & Gasper Nali Band
LAURDAG 4. JULI på Larris Scene og Biblioteket, Scandic
Musikk i to etasjar på ein billett: Bergens eigen folkemusikklubb og babatonifenomenet frå Malawi!
-

NATT PÅ TEATERET
TORSDAG 2. JULI
Teater Vestland, NynorskhusetSaman med Teater Vestland inviterer vi til konsertar, mingling, mat og stemning av beste merke!