Foto: Jostein Vedvik
Sat du i Teatersalen i Nynorskhuset då TAUS hadde urpremiere under Førdefestivalen i sommar? Då var du blant dei aller første som såg framsyninga vi var med på å produsere. No har TAUS vunne Folkelarmprisen for årets produksjon.
Taus er den som teier.
I framsyningsteksten heiter det: «Den største hemmelegheita skulle vere den best bevarte. Skammen over det som skjedde fekk vekse villt. Men inni ropar noko som vil ut. Ein kakofoni av stemmer. Noko som har vore stengt inne altfor lenge. Eit sinne som ikkje finn ord, ei sorg over det som aldri vart. Fasada er i oppløysing. Sprekkane slår djupt.»
Idéen kom frå dansar Brigitte Blomlie, som også har skrive teksten og sjølv står på scena. Ho har laga framsyninga saman med regissør og koreograf Silje Onstad Hålien, komponist Thomas Eriksson og eit lag av dansarar, musikarar og scenografar. TAUS er ei framsyning som publikum ikkje berre ser på, men sit midt i.
Håpar fleire får sjå TAUS
Kvart år er Førdefestivalen med på å produsere nye framsyningar. TAUS er ei av dei.
– Eg er stolt over at Førdefestivalen var med på å produsere ei så modig framsyning som TAUS, og eg er veldig glad for at arbeidet til Brigitte Blomlie og dei andre utøvarane vart krona med Folkelarmprisen for årets produksjon, seier festivaldirektør Sølvi Lien.
Under premieren sat Lien sjølv i «terapisirkelen». Ho fortel at det gjorde inntrykk og håpar mange fleire får oppleve framsyninga.
– Det fortener både framsyninga og tematikken.
Fleire kjende namn på prislista
To andre prisvinnarar stod også på scena i Førde i sommar. Helga Myhr vann årets soloalbum med Slåttespel. Kenneth Lien & Center of the Universe vann open klasse med Norwegian Electronic Folk Music.
Gratulerer til heile laget bak TAUS, til Helga Myhr, til Kenneth Lien & Center of the Universe og til alle dei andre vinnarane av Folkelarmprisen 2026!
Idé, tekst og medskapande utøvar: Brigitte Blomlie. Regi og koreografi: Silje Onstad Hålien. Dramaturgi, tekst og lysdesign: Yasin Gyltepe. Komponist og utøvar: Thomas Eriksson. Medskapande utøvarar: Silje Risdal Liahagen og Sondre Meisfjord. Kostyme og scenografi: Martin Skogli og Marita Solhjell Ølander. Illustrasjon: Andreas Ljones. Kunstnarleg produsent: Rannveig Øygardslia.
TAUS er produsert av Mamelukk med Førdefestivalen, Riksscena og Sprang som medprodusentar, og er støtta av Kulturdirektoratet, Fritt Ord og Valdresmusea.

