Tilbake til alle arrangementer

Steinar Rygg, Ludo og Indre Sunnfjord Spelemannslag

  • Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde (kart)
 

Opplev slåttearven etter storspelemannen Leif Rygg og drivande slåttespel frå Voss og Hardanger !

 

I første del av konserten vil Steinar Rygg gje eit konsertforedrag om faren Leif som lidenskapleg felespelar og miljøbyggjar. På konserten kan du mellom anna få høyre kjende tonestykke som Bygdatråen, Lengt og Budeiene på Vikafjell – slåttar som var svært sentrale i Leif Rygg sitt repertoar.

Trioen Ludo står for andre del av konserten. Dei framfører slåttar frå Voss, Hardanger og Sunnhordaland. Melodiane er arrangert i eit jazzharmonisk landskap der er ein tek vare på slåttene sin eigenart samtidig som ein tilfører nye musikalske element. Improvisasjon og energi er sentralt i Ludo sitt uttrykk.

Gruppa består av Steinar Rygg (hardingfele og fele), Frode Hammersland (bass) og Åsmund Espeland (gitar).

Etter konserten spelar Indre Sunnfjord spelemannslag opp til dans for alle.

I forkant av konserten vert det arrangert GRATIS kræsjkurs i folkedans med instruktørar frå Indre Sunnfjord spelemannslag. Kurset startar kl 19.00. Her treng du ingen forkunnskapar, berre danselyst og gode dansesko!

Ungdom under 17 år som deltek på kræsjkurset får gratis tilgang til konsert og dans.

Arrangør: Indre Sunnfjord Spelemannslag i samarbeid med Førdefestivalen.

Tidspunkt:

19.00 Kræsjkurs i folkedans

20.00 Konsert med Steinar Rygg og trioen Ludo

20.30 Dans for alle med Indre Sunnfjord spelemannslag

Slutt kl 22.00

Forrige
Forrige
14. januar

DRAUMKVEDET