Tilbake til alle arrangementer

Karl Seglem Folkjazz-kvartett

  • Løa, Jølstraholmen Vassenden Norway (kart)

Jazz på Jølst 2025 går av stabelen 9.-12. oktober, og Førdefestivalen er glade for igjen å ha eit samarbeid om ein av konsertane på denne fine jazzfestivalen. I år har vi gleda av å presentere Karl Seglem sin folkjazz-kvartett, på ein heilt ny arena på Jølster, ei Løa på Jølstraholmen, som står fram i heilt ny drakt.

Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia. Og musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. Mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvartetten presenterer musikk frå fleire av hans album-utgjevingar der kritikar-roste Mytevegar, Nunatak, Ossicles og Nordic Balm står sentralt. Ein kan også bli øyrevitne til nytt materiale. Urframføring! Eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakkert energisk, med poetisk nordisk tøtsj.

Karl Seglem - tenorsax, bukkehorn, stemme
Andreas Vold Løwe - tangentar
Anders Bitustøyl - bass
Kåre Opheim - trommer

KJØP BILLETT
Forrige
Forrige
27. september

Konsert og dans: Musikalsk reise med utvandrarkista

Neste
Neste
19. oktober

SUDAN DUDAN + krasjkurs sunnfjordspringar