Denne søndagen inviterer vi til krasjkurs i sunnfjordspringar. Danseinstruktør er Arild Herstad frå Naustdal, og dansekurset er gratis for alle. Etter kurset blir det konsert med ein av våre aller fremste folkmusikkduoar, Sudan Dudan. Det vert sal av forfriskingar, og med billett til konserten har du også tilgang til kunstutstillinga i 2. etasje.
Kl. 18.00 Krasjkurs i sunnfjordspringar. GRATIS
Kl. 19.00 Sudan Dudan - konsert i Høgsalen
Sudan Dudan
Sudan Dudan duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet og langt utover det. Dei står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for sitt nedstrippa og råe lydbilete. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon.
“- De har jo lagt lista, vil jeg si. Det er ingen som er bedre enn dem. Det er det bare ikke.”
Duoen har gjeve ut fire plater. Den siste, Heimen der ute, kom etter i 2018 – og vart omtalt slik i Folkemusikk: «Det finnes en rekke gode duoer her i verden. De beste av dem skaper en ny stemme ut fra to eksisterende, og ofte også noe ganske nytt fra etablerte formler. Det har også Sudan Dudan gjort.»