Tilbake til alle arrangementer

OktoberFolk


2 dagar - 6 artistar - 3 arenaer

Sakna du årets Førdefestival? Då er det berre å glede seg til OktoberFolk 23.-24. oktober i Førde! Med artistar som Polkabjørn & Kleine Heine, Gammalgrass, Moenje, Sharqant, Ole Nilsen & Ingrid Stuhaug og 9 Grader Nord, byr Førdefestivalen på ein musikalsk vitaminpille av dei sjeldne. Dette er noko for deg som elskar musikk og som diggar musikk i ulike taktartar og med ulikt opphav, og for deg som er klar for å utvide musikkhorisonten din litt. Frå tre arenaer kan du få med deg stemningsfulle arabiske tonar i Førde kyrkje, ein rotekte norsk folkemusikkonsert på Kafé Sobra og fire konsertar med tilnærma grenselause musikkopplevingar på Larris Scene. Kom på OktoberFolk og få ein herleg musikalsk opptur, som gjer at du kan gå november lyst i møte.

Alle konsertane vert serverte i koronatilpassa rammer, med tilhøyrande smitteverntiltak.

SKROLL NED OG LES MEIR OM ARTISTANE!

Program:  

Fredag 23. oktober

PÅ LARRIS SCENE
- dørene opnar kl. 20.00, konsertar frå kl. 21.00 med:

MOENJE           
POLKABJØRN & KLEINE HEINE

Laurdag 24. oktober

Kl. 12.30 OLE NILSSEN & INGRID STUHAUG | Gratis lunsjkonsert på Kafé SOBRA  
Kl. 19.00 SHARQANT | Førde kyrkje    

PÅ LARRIS SCENE
- dørene opnar kl. 20.00, konsertar frå kl. 21.00 med:

GAMMALGRASS          
9 GRADER NORD

Neste
Neste
3. desember

Majorstuen - JULEDRØM