Tilbake til alle arrangementer

Ragnhild Furebotten Trio

  • Festsalen, Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 (kart)

Frode Haltlis, Gjermund Larsen og Ragnhild Furebotten på VestaFolk-turné.

 

Ragnhild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 19 år som musikar har det heile tida vore viktig for henne å gjere eigne soloprosjekt. Ho likar å tenkje nytt og finne nye musikalske konstellasjonar. Å skape seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet har vore i fokus. Furebotten elskar trioformatet, og på to av dei 17 platene spelar ho nettopp i trio: Endelig vals frå 2007 og Klopper frå 2019. Covid sine uransaklege vegar gjorde at trioen frå 2007 vart samla igjen i 2021, med Ragnhild Furebotten Frode Haltli og Gjermund Larsen. Med seg har dei i hovudsak repertoar frå begge trio-platene. Musikk komponert av Ragnhild Furebotten.

Ragnhild Furebotten – fele
Ragnhild er ein av landets mest markante folkemusikarar og komponistar innan sjangeren, med stor suksess i grupper som Majorstuen, Fotefar og Hekla Stålstrenga. Ho har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, og gjort tingingsverk for teater, danseframsyningar og festivalar. Ragnhild Furebotten sine soloprosjekt har også fått mykje merksend, og etter mange nominasjonar med ulike utgjevingar var det med Never on a Sunday ho fekk Spellemannpris i 2011.

Gjermund Larsen - fele
Gjermund er komponist, folkemusikar og felespelar frå Verdal. Han er kjend for måten han utfordrar folkemusikktradisjonen med sine sjangeroverskridande komposisjonar. Larsen si merittliste er lang, og tel fem spellemannprisar i fire ulike kategoriar. Han har også kongepokal frå Landskappleiken i 2005. Gjermund Larsen var med på Ragnhild Furebotten si første trio-plate, Endelig vals i 2007.

Frode Haltli - trekkspel
I over 20 år har Frode gledd norsk og internasjonal musikk på tvers av sjangrar. Han har gjeve ut fleire album på prestisjetunge ECM, spelt inn Arne Nordheim sin musikk for akkordeon, samarbeidd med musikarar som Trygve Seim, Maja S.K. Ratkje, gruppa POIN og komponistar som Bent Sørensen og Hans Abrahamsen. Haltli har også komponert musikk til teater og ulike tingingsverk, og på same måte som Gjermund Larsen, var han med på Ragnhild Furebotten si første trio-plate, Endelig vals.  

LYTT: Endelig Vals på Spotify  

 
 

VestaFolk - ‘folkemusikk på turné med Førdefestivalen’, er eit nytt turnéinitiativ for å få meir folkemusikk ut til folket. VestaFolk 2021 har økonomisk støtte frå Vestland fylkeskommune.

 
Forrige
Forrige
18. april

Fliflet/Hamre 30 år - med Bjørn Tomrsen

Neste
Neste
31. mars

KIM RYSSTAD - OR SETESDAL