Tilbake til alle arrangementer

KIM RYSSTAD - OR SETESDAL

  • Larris Scene 2 Storehagen Førde, Vestland, 6800 Norway (kart)
 

I "Or Setesdal» har Kim Rysstad samla nokre av sine favorittsongar henta frå den særeigne og mangfaldige Setesdalstradisjonen. Kim er ein av få tradisjonsberarar som er med på å halde den vokale folkemusikken frå Setesdal i hevd, og føre den vidare til nye generasjonar. I denne boka med CD vert du kjend med kjeldene Kim har lært av, ei kort innføring i kva kveding er, samt ei lita oversikt over dei ulike sjangrane som er representert. 

Kim Rysstad er ein Spellemann-nominert, prislønt A-klasse kvedar og songar, tekstforfattar og komponist frå Rysstad i Setesdal. Med si unike røyst djupt forankra i folkemusikken har han blitt lagt merke til av musikkelskarar langt utanfor landegrensene.

"Gleder meg å kome tilbake til Førde, der eg har hatt mange fine konsertopplevingar, spesielt på Førdefestivalen. Veit at det er eit veldig bra publikum der.»

-Kim Rysstad


Kim Rysstad - vokal

Trym Bjønnes - gitarar

Ånon Egeland - feler

 

Om or Setesdal:

 

«Ein soleklar 6´er!"

.- NRK Sørlandet

 

«Resultatet har blitt ei enestående pakke med myk sang og sparsommelig instrumentering som smyger seg inn i alle kriker og kroker av sanseapparatet. 

Samtidig for du et forståelig grunnkurs i vokal folkemusikk og Setesdal-måten å gjøre det på.»

- Folkemusikk.no

 

«Det er en av landets absolutt fineste sangere som lar sitt instrument nærmest fløyelsaktig omfavne oss»

- Aftenposten

 

«Ikke siden Arve Moen Bergset ga ut Arvesølv i 1987 har jeg hørt en så klokkeklar vokal fremføring av gamle folkeviser som her. Vinbyggene Sondre Bratland og Ingeborg Bratland får bare ha meg unnskyldt.»

- Vårt Land

Forrige
Forrige
16. september

Ragnhild Furebotten Trio

Neste
Neste
2. oktober

Marine & Roswall