Tilbake til alle arrangementer

Norstoga og Reistad gjer Hartvig Kiran

  • Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde (kart)
 

Ein musikalsk lukkepille

I samarbeid med Førdehuset inviterer Førdefesivalen til visekonsert med to x Åsmund, med etternamn Nordstoga og Reistad. I meir enn 20 år har dei gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framfører viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Over alt der dei fer set dei spor. Dei er ein musikalsk lukkepille.

I februar 2023 kjem den fyrste duoplata deira. Visene på plata er henta frå «Tom Duley og andre viser ved Hartvig Kiran», som kom ut i 1962. Kiran var lyrikar og kringkastingsman og viseboka med omsetjingane hans av gamle amerikanske folkeviser vart svært populær. Nokre av songane er oppførde med kjend låtskrivar, andre har ukjent opphav. Nokre er svært gamle, med røter attende til 1700-tallet. Engelskspråklege versjonar er utgjevne på plate av ei rad amerikanske artistar. Forutan «Tom Doley» er nok «Sixteen tons» den som har sett størst spor etter seg. Tennessee Ernie Ford sin versjon, med den ikoniske klarinettintroen, vart ein millionselgjar. Sidan har m.a. Elvis og B.B. King hatt songen på repertoaret. Hartvig Kirans norske omsetjingar vart ein del av visebølgja på 60-og 70-tallet, og blei tekne i bruk av m.a. Lillebjørn Nilsen, Lars Klevstrand og Hege Tunaal.

HER kan du lytte til Tom Doley - ei av visene som er med på plata.

Billettar til konserten kjøper du på Ebillett (knapp under) eller i resepsjonen i Førdehuset.

 
Forrige
Forrige
11. desember

JULEGJEST - Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland, Frank Rolland

Neste
Neste
21. september

Sarah Camille Trio