Tilbake til alle arrangementer

JULEGJEST - Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland, Frank Rolland

  • Ålhus kyrkje Jølstravegen 1691 6847 Ålhus Norway (kart)

Sigbjørn Apeland, Marit Karlberg og Frank Rolland kjem til Ålhus kyrkje med konserten JULEGJEST

Denne kvelden byter vi ut ‘jule-sviskene’ med gamle adventssongar og julesalmar frå Valdres, framført på trøorgel, langeleik og fele - og med Karlbergs nydelege vokal i front.

Desember er månaden då vi leitar etter den gode førjulsstemninga, og for mange er det ekstra godt å samlast til konsert i kyrkja. Ålhus kyrkje er, etter vår meining, ei av dei finaste kyrkjene å vere i, og difor har vi valt oss akkurat Ålhus kyrkje som ramme når vi skal presentere årets juletrio, Marit Karlberg, Frank Rolland og Sigbjørn Apeland. Desse tre, fine musikarane kjem med ny juleplate som har tittelen JULEGJEST.

Repertoaret på plata er gamle adventssongar og julesalmar frå Valdres, i tradisjonar som går heilt tilbake til 1600-talet. I tillegg får du ta del i førjulsstemningar i heilt nyskrivne songar, og kanskje kjenne på dansedrivet i arrangementa av nokre av dei gamle juleleikane.


Marit Karlberg - song, langeleik og lyre
Frank Henrik Rolland – hardingfele
Sigbjørn Apeland – trøorgel

Forrige
Forrige
6. oktober

Ingrid Jasmin Vogt & Jesús Morente

Neste
Neste
5. mars

Norstoga og Reistad gjer Hartvig Kiran