Artistar 2015

Frankrike Torill Gundersen Frankrike Torill Gundersen

Annie Ebrel

Med ei stemme som har ein heilt unik klang og presisjon har ho opna opp for bretonsk song både i Frankrike og resten av verda.

Les mer
Danmark Torill Gundersen Danmark Torill Gundersen

Basco

Det skandinaviske folkroots-bandet Basco har på kort tid vorte eit fenomen alle legg merke til på den europeiske folkemusikkscena. Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har Basco spelt seg inn i hjarta og hovuda på eit stort publikum i heile Europa.

Les mer
UK, Senegal Torill Gundersen UK, Senegal Torill Gundersen

Catrin Finch & Seckou Keita

Med duoen Catrin Finch og Seckou Keita har festivalen sikra seg to at dei heitaste namna på den internasjonale verdsmusikkscena. Keita er griot med røter til store musikarslekter både i Mali og Senegal, og ein av dei fremste utøvarane på den vestafrikanske harpa, kora. Finch er harpe-dronninga i Wales, der harpa er det mest walisiske av alle instrument. 

Les mer
Irland Torill Gundersen Irland Torill Gundersen

DANÚ

Frå Waterford, Kerry, Dublin og Donegal i Irland kjem dei, og er rekna som den leiande gruppa innan irsk folkemusikk i dag. Som konsertband har dei i årevis levert ei energisk blanding av irsk tradisjon og nyskapt materiale. Dei byr på heftig reel og stemningsfulle balladar; irsk folkemusikk på sitt aller beste

Les mer
Polen, Tyskland Torill Gundersen Polen, Tyskland Torill Gundersen

DJ Darius Darek

Sidan 2005 har den polsk-tyske musikkelskaren Darius Darek vore profesjonell DJ og spelt konsertar innanfor det han kallar global klubbmusikk. 

Les mer
Marokko Torill Gundersen Marokko Torill Gundersen

Driss El Maloumi Trio

Det er tradisjon, men også nyskaping og leik, når oud-magikaren frå Marokko inviterer publikum på ei ny spennande reise, med stor musikalitet, virtuos teknikk, usvikeleg presisjon og smittande speleglede.

Les mer
Sverige Torill Gundersen Sverige Torill Gundersen

Emilia Amper

Emilia Amper kjem frå Torsås i Småland, og byrja å spele nyckelharpe som 10-åring. No er ho musikar og komponist, og turnerer verda over både solo og saman med musikarar frå andre musikktradisjonar og musikksjangrar.  

Les mer
Shetland Torill Gundersen Shetland Torill Gundersen

Fiddlers’ Bid

Fiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Sidan 1991 har deira tette og heftige spelestil gjeve dei eit stort internasjonalt publikum.

Les mer
Norge Torill Gundersen Norge Torill Gundersen

FRIKAR – GotoGuta

Med denne nye framsyninga som får verdspremiere under Førdefestivalen vert det både danseglede, hardingfele – og noko du aldri har sett før!

Les mer
Norge Torill Gundersen Norge Torill Gundersen

Firda spelemannslag

Dei ønskjer å bringe noko nytt og ungdommeleg inn i folkemusikken, og i løpet av kort tid har dei blitt lagt merke til både i og utanfor folkemusikkmiljøet i heimfylket.

Les mer
Norge Torill Gundersen Norge Torill Gundersen

Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet er ein musikalsk og verbal sjarmør, og får både publikum og musikarar til å kjenne seg heime! Gjer deg klar for eit høgdepunkt!

Les mer
Hellas Torill Gundersen Hellas Torill Gundersen

Giorgos Xylouris

Giorgos Xylouris er ein av dei leiande songarane og musikarane på Kreta i dag. Han spelar laouto, den kretiske lutten, og står i ein fleire hundreår gamal musikktradisjon frå Kreta. 

Les mer
Norge Torill Gundersen Norge Torill Gundersen

Gro Marie Svidal

Oppveksten i Svidalen, midt i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster, dannar grunnlaget for Gro Marie Svidal si karriere som allsidig, kreativ og hardtarbeidande folkemusikar. 

Les mer
Norge Torill Gundersen Norge Torill Gundersen

Håkon Thelin

Håkon Thelin er kjend som ein av verdas fremste formidlarar av ny musikk.

Les mer