Benedicte Maurseth & Knut Hamre | Norge

Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane. Han stod utanfor med felekassen i handa. Han berre måtte spele for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spele hardingfele og å lære spel vidare til nye generasjonar. Knut Hamre (f. 1952) frå Granvin i Hardanger er rekna for å vere ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister.

Benedicte Maurseth har i 24 år samanhengande vore elev hos Hamre og er i dag ein framifrå og velkjend felespelar med fleire plateutgjevingar bak seg. Når ho ser attende, er det samtalane med Knut Hamre som har vore det viktigaste i opplæringa hennar. Desse samtalane om kunst, dikting, medkjensle og mystikk skreiv Benedicte Maurseth ned, og i 2014 kom dei ut i bokform med tittelen: Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

 På denne konserten møter du eleven og læremeisteren – i solo-, samspel og samtale.

 


Benedicte Maurseth is a freelance musician from Eidfjord in the Hardanger Fjord region.  She began study of the Hardanger Fiddle at age eight under Knut Hamre, one of the foremost hardanger fiddle players in Norway. After 24 years of playing with Knut Hamre, Maurseth realizes that all the discussions with him were perhaps the most important. Their talks about art, music, life and friendship. This is the background for her publishing a biographical account of her long time instructor, Knut Hamre;"Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre" (To be nothing. Talks with the fiddler Knut Hamre.) in 2014. 

 

 

Konsertar: