Emilia Amper | Sverige

Emilia Amper er musikar og komponist, og turnerer verda over både solo og saman med musikarar frå andre musikktradisjonar og musikksjangrar.  Emilia kjem frå Torsås i Småland, og byrja å spele nyckelharpe som 10-åring. Ho har sin bakgrunn frå Eric Sahlström-instituttet i Sverige og har nordisk master i folkemusikk og musikkvitskap etter studier i Sverige, Norge, Finland og Danmark.  I 2012 gav ho ut si første soloplate: Trollfågeln. Denne plata overtydde både publikum og kritikarar, og var nominert til både Grammis, Manifestpris og pris for Årets Utgåve på Folk- og världsmusikgalan i Sverige. Her krona ho det heile med å bli kåra til  Årets Artist.  I 2010 vart ho verdsmeister i nyckelharpe, og vart tildelt nasjonalt stipend frå Kungliga Musikaliska Akademin. Same år fekk ho også ein norsk Spellemannpris saman med Trondheimsolistene og Gjermund Larsen for plata Folk in Style (2L). 

Med stor kunnskap om og kjærleik til tradisjonsmusikken, er Emilia Amper samstundes ein viljesterk og nyfiken utforskar av nye musikalske moglegheiter gjennom musikken sin.

www.emiliaamper.se

 


Emilia Amper grew up in Torsås, a small town in South East Sweden, and started playing the nyckelharpa at the age of ten. She has studied at the Eric Sahlström Institute, where she is now a board member, and has a BA in musicology and composition from the NTNU in Trondheim, as well as a BA in Swedish folk music from the Royal College of Music in Stockholm and a Nordic Master in folk musicfrom the same institution in conjunction with the Sibelius Academy in Helsinki, the Academy of Music and Dramatic Arts, Southern Denmark and the Ole Bull Academy in Norway.

 

 

Konsertar: