Danse, sa fela! - Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet | Norge

Danse, sa fela er ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.

 Framsyninga er bygd opp som eit eventyr med moderne og tidlause referansar. Musikken og rørslene er henta frå folkemusikken og folkedansen, og gjennom framsyninga vert også publikum inkludert i den spennande og engasjerande historia.

Framsyninga passar for heile familien og born frå 3 til 10 år.

Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er utdannna frå Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho er kjent frå dansekompania Frikar og Villniss, og har dei siste åra gjort framsyningar for m.a. Hordaland Teater, Västanå Teater og Det Norske Teatret, både som dansar og koreograf. I 2014 hadde ho premiere på si eiga soloframsyning! Ho er ein ettertrakta kurshaldar og er fast gjestelærar ved m.a NTNU, Manger Folkehøgskule og Den Norske Dansehøgskule. Ho dansar i eliteklassa på Landskappleiken, folkemusikkens Norgesmeisterskap.

Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho har turnert i land som Pakistan, Nepal og Kina og speler i eliteklassa på Landskappleiken. Ho er mykje brukt som kurshaldar og til undervisning, m.a. ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ho speler m.a. i den skotsk- norske gruppa As The Crow Flies, og er kjent for sitt leikande felespel og fengande formidling! 


 Danse, sa fela! (Dance, said the fiddle!) is a performance for children about a little girl who is taken and hidden in the mountains. With strong imagination and fantasy she tries to get away from the “bergekongen” (the mountain king).  Silje Onstad Hålien is a dancer and choreographer. She’s known from the dance companies FRIKAR and Villniss and her own solo performances. Nina Fjeldet is a freelance fiddler and teacher, with a playful and energetic way of performing.

 


Konsert: