Firda spelemannslag | Norge

Deler av Firda spelemannslag under mini-konsert på Balsnes Gard i Nordfjord

Deler av Firda spelemannslag under mini-konsert på Balsnes Gard i Nordfjord

Deler av dette unge spelemannslaget møttest første gong på Mokurset (sommarkurs i regi av Sogn og Fjordane Folkemusikklag) – og deretter som elevar på musikklinja ved Firda vidaregåande skule på Sandane, sjølve «utklekkingsfabrikken» for musikktalent i Sogn og Fjordane. Her slo fleire følgje i samband med ein huskonsert på skulen. Deretter melde dei seg på fylkeskappleik, og sidan har det gått slag i slag. Fordi dei elskar å spele, og spele i lag, bestemte dei seg for å vere aktive og ta dei oppdraga som kom. Spelestilen er ungdommeleg både når det gjeld slåtteval og arrangement. Dei ønskjer å bringe noko nytt og ungdommeleg inn i folkemusikken, og i løpet av kort tid har dei blitt lagt merke til både i og utanfor folkemusikkmiljøet i heimfylket.

 

Mathilde Skjæret – hardingfele

Ragnhild Bjørkum Vassbotn – hardingfele

Ingrid Nedrebø – hardingfele

Emil Horstad - trekkspel

Henning Lad – gitar, vokal

Anders Vassli Brekke – trekkspel

Gina-Agathe Takle Tytingvåg - bass

 

This young «spelemannslag» first met at summer workshop, Mokurset, then at the college Firda, where most young musicians from the region take their first music education. After a house concert at the school, they decided to continue playing. Because they loved playing, and above all, playing together. With their fresh and energetic style, they want to bring something new into the traditional music.