Basco | Danmark

Basco

Basco

Det skandinaviske folkroots-bandet Basco har på kort tid vorte eit fenomen alle legg merke til på den europeiske folkemusikkscena. Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har Basco spelt seg inn i hjarta og hovuda på eit stort publikum i heile Europa. Musikken er variert og full av nyansar, og med driv og temperament. Dei teiknar eit svevande landskap, med delikate og skjøre detaljar – og samstundes med taktfast rytmekomp ved tradisjonell fottramping. To av utøvarane i Basco har dei siste åra henta prisar i Danmark Music Award: Ale Carr vart Årets artist i 2013, og Hal Parfitt-Murray, årets vokalist året før. Basco si siste plate, «The remarkable return of old man Basco» var foreslått til Nordic Music Prize, som første stringband gjennom tidene.
 

Anders Ringgaard Andersen  trekkspel, trombone
Ale Carr sitter
Hal Parfitt Murray fele, viola, mandolin, vokal
Andreas Tophøj fele, viola    


Konsertar