Gro Marie Svidal

 

Oppveksten i Svidalen, midt i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster, dannar grunnlaget for Gro Marie Svidal si karriere som allsidig, kreativ og hardtarbeidande folkemusikar. Her var hardingfelenestoren Sigmund Eikås hennar viktigaste læremeister. Ho studerte seinare ved Ole Bull akademiet og Norges Musikkhøgskule og har master i folkemusikkformidling med vekt på den munnlege kommentaren si rolle i konsertformidling. I 2014 fekk Svidal ein svært populær siger på Landskappleiken, etter å ha konkurrert i eliteklassen sidan 2000. Ho har vore med i fleire teaterproduksjonar og spelar mellom anna med jazzbassist Bjørn Kjellemyr og glasduoen Draup. Gro Marie Svidal har elles medverka på fleire plateutgjevingar og debutplata hennar ”Hardingfele” frå 2009 blei nominert til Folkelarmprisen. I tillegg til turnéverksemd i inn og utland, arbeider ho også mykje som produsent og prosjektleiar. No førebur ho eit nytt soloalbum som kjem ut seinare i år. Gro Marie Svidal har eit klart og presist spel og eit sikkert og overtydande uttrykk som ikkje levnar nokon tvil om at ho er i toppsjiktet av norske hardingfeleutøvarar i Norge i dag.

 

 

 

Konsertar: