Bjørkås Kvintett | Norge

Foto: Eivind Kaasin

Foto: Eivind Kaasin

Norges beste runddansmusikk!

Felespelaren Andreas Bjørkås, som har gjeve namn til kvintetten, har  har Oppdalstradisjonen som sitt spesialfelt og har tunge merittar som felespelar. Andreas Bjørkås kan opplevast i mange format: Solo, duo, trio – og altså kvintett. Og uansett format, leverer han kvalitetsmusikk med stor respekt for tradisjonar. I fjor tok han kvintetten sin til topp i gruppespelet på Landsfestivalen i gammaldans, og nettopp denne bragden er det som har ført Norges beste runddansspelemenn til Førde. Førdefestivalen har nemleg ein samarbeidsavtale med FolkOrg som gjer at vinnaren av denne klassa får speleoppdrag på festivalen året etter.

Andreas Bjørkås fele

Knut Håvard Bjørkås fele

Ole Morten Blankenborg kontrabass

Even Røhjell trekkspel

Kåre Vennevik gitar