Gergana Dimitrova | Bulgaria

Eventyrleg stemmeprakt frå Bulgaria

Den bulgarske sopranen Gergana Dimitrova er mest kjend som ei av dei fantastiske stemmene i «Le Mystere Des Voix Bulgares» og i «Eva Quartet» (Førdefestivalen 2009). Medan ho arbeidde med Eva Quartet si siste plate The Arch, fekk ho inspirasjon til soloplata Through the eyes of the Sun (2013) der ho utforskar globale vokaltradisjonar, vokaltradisjonar i Bulgaria – og si eiga stemme. Plata er eit resultat av Gergana Dimitrova sin inngåande kjennskap til bulgarsk folkemusikk, og møta hennar med eldgamle kulturtradisjonar hos aboriginarar og afrikanske pygmear. I dialogen mellom desse tradisjonane og vokaltradisjonane i Bulgaria, oppstod det eit heilt nytt musikalsk landskap, og Gergana oppdaga på nytt kva fridom det ligg i dette personlege instrumentet som stemma er. 

Dette dannar på mange måtar ein fin opptakt til Gergana Dimitrova si deltaking i prosjektet Vocal ConneXions.  

 

Konsertar: