Kinnaris Q - Skottland
Skotsk kraftgruppe med unik stil.
KINNARIS Q er ein skikkeleg kraftpakke av ein kvartett som skapar nye haldningar til tradisjonell og moderne folkemusikk. Musikken deira er full av smittande speleglede og feirar kultur, fellesskap og den reine gleda ved å skape musikk saman.
Dei fire i Kinnaris Q er er trufaste mot sine akustiske, tradisjonelle røter, på same tid som dei sprengjer grensene for nyskaping. Med impulsar frå heile verda skapar dei elegante og raffinerte arrangement som er av det beste du høyrer på den moderne folkemusikkscena i Skottland i dag.
Alle fire i Kinnaris Q er framifrå musikarar og komponistar som saman har skapt eit signaturuttrykk. Musikken blir til på ein impulsiv og instinktiv måte, med god plass til improvisasjon og kreativitet. Kinnaris Q må rett og slett opplevast på konsert!
Kinnaris Q nyt stor respekt og popularitet blant festivalar, media, kollegaer og publikum over heile verda. Dei siste åra har dei samarbeidd med musikalske heltar som Karine Polwart, Julie Fowlis, Dreamers’ Circus og Frigg, og vore gjesteartistar i popstjerna George Ezra sin End to End-dokumentar på Amazon Prime.
Jenn Butterworth - gitar, oktavfele, tramping
Laura-Beth Salter - mandolin, tenorgitar
Aileen Reid - femstrengs fele
Fiona MacAskill - fele