Ustad Noor Bakhsh frå Pakistan spelar på Natt på museet - Førdefestivalen 2025. Foto: Lieve Boussauw

Vil du vere med å forme Skandinavias største folkemusikkfestival?

Førdefestivalen søkjer
MARKNADS- OG KOMMUNIKASJONSSJEF

Fast 100% stilling med oppstart september 2026

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for folkemusikk og verdsmusikk, og vi leitar no etter ny marknads- og kommunikasjonssjef. Vi ser etter deg som brenn for musikk og kultur, og har lyst til å formidle festivalen sine historier, artistar og opplevingar til publikum, presse og samarbeidspartar. 

Som marknads- og kommunikasjonssjef har du ansvar for festivalen sin visuelle profil og kommunikasjon i alle kanalar, og jobbar med å synleggjere festivalen sine aktivitetar gjennom heile året. 

Arbeidsoppgåver 

  • Bidra til å gjere festivalen synleg og interessant 

  • Skape tydeleg og engasjerande innhald som aukar kjennskapen til festivalen, og når eit breitt publikum 

  • Produsere innhald til heimeside, sosiale medium, nyheitsbrev, presse og andre kanalar 

  • Planlegge og gjennomføre festivalen sin marknads- og kommunikasjonsstrategi 

  • Samarbeid med sponsorar og partnarar 

  • Ansvar for trykksaker, annonsering og promotering 

  • Vidareutvikle festivalen sin visuelle profil i samarbeid med grafiske designarar 

  • Pressearbeid og kontakt med media nasjonalt og internasjonalt 

  • Planlegge og følgje opp delegatprogram for internasjonal bransje 

  • Budsjettoppfølging på marknads- og kommunikasjonsområdet 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • har utdanning innan kommunikasjon, marknadsføring, media eller liknande 

  • har eit klart og levande nynorsk språk og eit godt blikk for det visuelle 

  • skriv godt og målretta for ulike kanalar og målgrupper 

  • har erfaring med bruk av SoMe og kjenner til moglegheitene som finst der 

  • har erfaring frå kommunikasjonsarbeid, gjerne frå kulturfeltet 

Erfaring med sponsorarbeid og samarbeid med næringsliv er ein fordel, men ikkje eit krav. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som kjenner deg igjen i at du:

  • er kreativ og idérik 

  • trivst med tempo og variasjon i arbeidskvardagen 

  • er strukturert og får ting gjennomført 

  • likar å jobbe både sjølvstendig og i team 

  • likar å komme i kontakt med folk og kan samhandle med dei på ein god måte 

Vi ser særleg etter deg som har interesse for musikkfeltet, og har kunnskap om folkemusikk eller verdsmusikk.

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i ein festival med ein solid posisjon nasjonalt og internasjonalt 

  • Høve til å prege utviklinga av festivalen  

  • Ambisiøse og engasjerte kollegaer som trivast på jobb 

  • Fast stilling med oppstart september 2026. 

Arbeidsstad er Førdehuset i Sunnfjord kommune. 

Søknadsfrist: 06. April 2026

For spørsmål, kontakt direktør Sølvi Lien på epost solvi.lien@fordefestival.no  eller på tlf. 41 69 23 78  

Send søknad med CV på epost til solvi.lien@fordefestival.no

Under slagordet ‘Verda kjem til Førde’ har Førdefestivalen i over 30 år invitert publikum i alle aldrar til å oppleve folkemusikk frå heile verda frå 30 store og små arenaer, inne og ute. Festivalen har opparbeidd seg eit solid internasjonalt renommé, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk. Den internasjonale folkemusikkfestivalen vert arrangert over 5 dagar i juli (veke 27) kvart år. Festivalen er og ein viktig heilårsarrangør gjennom Bornas Verdsdag Førde i november, konsertar heile året og turnétilbodet VestaFolk. Administrasjonen (4,5 årsverk) held til i Førdehuset i Førde.