Seckou Keita m/gjester | UK, Noreg
Feirar det som starta på Førdefestivalen for 30 år sidan
Seckou Keita har gjennom sine 30 år som artist etablert seg som ein av dei mest betydningsfulle og inspirerande koraspelarane i sin generasjon, ein eksepsjonell og karismatisk musikar. Den internasjonale karrieren hans starta i 1996, på Førdefestivalen. Då deltok Seckou Keita i festivalen sitt internasjonale talentprosjekt, Dei var to frå Senegal, to frå India, to frå Cuba og tre norske unge musikarar. Reisa til Førde var også hans aller første reise ut av Senegal, og det var onkelen, koraspelaren Solo Cissokho (1963-2019) som fekk han hit.
Tre år seinare busette Seckou Keita seg i UK, der han framleis bur, når han ikkje turnerer rundt i verda og står på scena med bandet sitt eller med andre musikarar og formidlar sin 700 år gamle nedarva tradisjon på ein levande og engasjert måte. Seckou Keita er eitt med koraen og dei 22 strengane.
Seckou Keita sin konsert i Førde er ein del av hans 30-years Anniversary Tour – i heile 2026 feirar han sine 30 år som artist, og det betyr svært mykje for han å spele på Førdefestivalen akkurat i år. Med seg som gjester har han songar og felespelar Lajla Storli som var med på talentprosjektet i Førde i 1998, og ngoni- og gitarmeisteren Olav Torget, som i mange år spelte med Solo Cissokho. Olav Torget hadde eit langt samarbeid med Solo Cissokho.
Seckou Keita – kora, vokal
Lajla Storli – vokal, hardingfele
Olav Torget – ngoni, gitar