Sindre & Co | Noreg
Med belgen full av leiken dansemusikk frå Osterøy
Sindre & Co kjem frå Osterøy, eit område med djupe røter i tradisjonsmusikken og med ein sterk toradartradisjon. Slåttespelet og dansemusikken som har levd gjennom generasjonar er ein arv som har forma musikarane frå ung alder.
Musikalsk hentar dei impulsar både frå eldre tradisjonskjelder og nyare førebilete, frå fjern og nær. Repertoaret spenner frå slåttar etter meistrar som Sigbjørn Bernhoft Osa, Ola Mossafinn og Finn Vabø, til nytt materiale med tydeleg personleg preg. Musikken er forankra i tradisjonen, men i Sindre & Co sin versjon er den både levande, leiken og full av speleglede enten dei spelar for dei som vil lytte eller dei som vil danse.
Sindre Fotland - toradar
Andreas Kollvangsnes - toradar
Kristoffer Kleiveland – toradar, kontrabass
Vegard Hansen – kontrabass, trekkspel
Tormod Kleiveland - gitar