Småviltlaget | Noreg

Med rørospolsen i hjartet

I over 30 år har Småviltlaget gleda gammaldansverda med drivande runddansmusikk og ikkje minst den legendariske rørospolsen - som har vorte sjølve varemerket deira. 

Det heile starta i Vågå under Folkemusikktreffen i 1994, og sidan har den meritterte gjengen frå Røros halde saman. Dei har gjeve ut tre plater, vunne Landsfestivalen i gammaldans to gonger og vann kongepokalen under Titanofestivalen i 2002.

Småviltlaget har tidlegare skapt stor danseglede på Førdefestivalen, og det er ei glede å ønskje dei velkomne tilbake. Like speleglade og danseivrige som alltid – og framleis umogleg å sitje stille til.

 

Rolf J. Feragen - trekkspel og danseinstruktør

Magne Eggen Haugom - fele

Olav L. Mjelva - fele

Jan Frostvoll  - fele

Ole Anders Feragen - gitar

Ola Kerrengvoll – kontrabass

Toril Jørgensen - danseinstruktør


KURS

Torsdag 2. juli kl. 17.00-19.00 og
Fredag 3. juli kl. 10.00-12.00


Rørospols – 2 dagar – Rolf J. Feragen og Torill Jørgensen
Teatersalen, Førdehuset

KONSERT


Fredag 3. juli kl. 18.30-19.30
Krasjkurs rørospols – Rolf J. Feragen og Torill Jørgensen
Festsalen, Førdehuset

Gratis


Fredag 3. juli kl. 22.00
Danseglede – med Småviltlaget, Hått og HrayBery

Festsalen, Førdehuset

Gratis med festivalpass/billett til Keltisk – og bortanfor!

Laurdag 4. juli kl. 22.00
Danseglede! - med Qvam/Plassen, Høgemo/Viken, Småviltlaget og Indre Sunnfjord spelemannslag

Festsalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Sindre & Co | Noreg

Neste
Neste

Tarabband | Irak, Sverige