Daughters of Donbas - Ukraina, Canada

Songs of Stolen Children

Dette er eit heilt spesielt prosjekt som er i ferd med å røre ei heil verd. Leia av den ukrainsk-kanadiske songaren og journalisten Marichka, vinnar av Amnesty International-prisen og tidlegare frontfigur i Lemon Bucket Orkestra og Balaklava Blues, kastar Daughters of Donbas lys over den grusomme og pågåande tragedien der over 20 000 ukrainske born har vorte bortførte frå okkuperte område i Aust-Ukraina og til Russland.

Marichka har vore innleigd krigskorrespondent i Donbas. Ho har møtt familiar råka av krigsbrotsverk og fått høyre om lidingane dei bortførte borna har vore gjennom i filtrerings- og «omskulerings»-leirar. No brukar ho all si dit – og si sterke stemme – på å fortelje og vise.

Daughters of Donbas er samansett av ho, to andre songarar og ein strykekvartett. Dei blandar element frå ukrainske vokaltradisjonar med art-folk og kammermusikk.  Songane ber med seg ekko av eldgamle klangar, medan andre er ribba ned til berre stemme og stille  – skjøre, direkte og rå. I tillegg til stemmene, berre akustiske instrument, rom og sanning. Prosjektet er forankra i verkelege forteljingar – særleg dei til ukrainske born bortførte av Russland under fullskala-invasjonen. Kvar song vitnar om eit stole namn, ein stolen barndom, ei stilna stemme.

 

Daughters of Donbas ønskjer å takke Canada Council for the Arts, Ontario Arts Council og regjeringa i Ontario for støtta til dette prosjektet, Songs of Stolen Children.

Forrige
Forrige

Kinnaris Q - Skottland

Neste
Neste

El Pony Pisador - Catalonia, Spania